23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

148 KAP. 4.3

Det som kjem ope til uttrykk i desse tilfella, gjer seg gjennom gåande gjeldande som

ein latent motsetnad. Ep inneheld mang ei lang utgreiing som kan vera både

doserande og problematiserande på ein måte som er uforeinleg med brevet som kort

form.

Ei slik indre spenning blir endå tydelegare i dei tilfelle som aktualiserer brevet

som ei fortruleg form. "Dette får bli mellom oss", heiter det gong på gong, og

verknaden er alltid komisk-regressiv; den som fører ordet, blir iscenesett. Her er

nokre eksempel.

Ep 296, som gjer greie for korleis petit Maitres tyranniserer kulturlivet i Paris,

sluttar med uttalt frykt for nettopp desse tyrannar:

Dette Brev beder jeg dog, at min Herre ikke fremviser til nogen; thi jeg vil heller have

et heelt Regiment Dragoner paa Halsen end een eeneste petit Maitre (Ep 296, III, 363).

Ep 215 som klagar over korleis Paris-skreddarane regjerer i Europa, har eit liknande

atterhald:

Jeg drister mig udi denne Tilstand ikke offentligen at raade Europæer til at afkaste

dette Skrædder-Aag, eendeel, saasom jeg ikke vil passere for Separatist […] (Ep 215, III,

111).

Ep 62 reiser spørsmål om talet på heilagdagar bør reduserast, og tilføyer: "Alt dette

beder jeg dog, at min Herre holder hos sig selv, saasom jeg ikke vil have Navn af

Reformator" (I, 269). Tilsvarande i Ep 60, som er ein apologi for Fanden: "Men for at

tale alvorligen, da beder jeg, at du ikke viser dette Brev til nogen, særdeeles ikke til

Hr. Niels eller til Peder Degn […]" (I, 260). Også Ep 235, som gjer greie for korleis

romerske kvinner nekta å gå til sengs med sine menn før dei fekk ordna ein del ting

slik som dei ville, krev at saka må haldast hemmeleg.

Denne Invention, hvorved de Romerske Matroner da triumpherede over deres Mænd, vil

jeg dog bede min Herre ikke communicere sin Frue; thi hun kunde sige det til andre, og

derved foraarsage, at vore Matroner i Nødsfald, naar noget blev dem nægtet, kunde

betiene sig af saadant Middel […] (Ep 235, III, 197).

Slik uttalt redsle for represalier er rake motsetnaden til det frie og uavhengige

resonnmentet som elles er dominerande i denne prosaen. Her er eit "fall" ned i

komikk, brevfiksjon slår beina under utgreiinga i brevet. Slik også i Ep 266 der

forfattaren pattar på ei snadde medan han utførleg og i og for seg overtydande gjer

greie for skadene ved tobakksrøyking.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!