23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

146 KAP. 4.3

Epistler

I Ep får brevforma to ytringar, ein minimal og ein meir utpensla. Det har ikkje noko

for seg å spekulera kor grensa går mellom desse; anten det er slik eller slik, blir

funksjonen den same.

Det er mini-varianten som er den vanlegaste fasongen. Helsingane ved opning

og slutt er det same som abstrakte eller generelle formular og ser ut som dei er henta

ut av brevbøker. Så er det også brei semje om at forma i slike tilfelle er høgst

utanpåklistra. Brevfiksjonen er "en rent formel ramme", seier Vibeke Sandersen

(Sandersen 1977, 54), den har ikkje trengt inn i stil og stoff, seier Billeskov Jansen

(Jansen 1938-39, II, 66), den er "rent schematisk antydet", seier Julius Paludan

(Paludan 1913, 181). Og Werlauff hevdar at forma er "aldeles uvæsentlig" (Werlauff

1856, 444).

Etter mitt syn kan karakteristikkane til Billeskov og Paludan med visse

atterhald seiast å vera dekkande, medan det Werlauff hevdar er misvisande. At

brevforma er minimal og utanpåklistra inneber ikkje at den er uvesentleg, men tvert

imot at den får ein viktig meiningsfunksjon. Når brevforma blir brukt, inneber det eit

postulat: "Dette er eit brev!". Men dette er ein påstand som samstundes er opplagt

urimeleg. Bortanfor dei implisitt meddelte orda ("Dette er eit brev!") vil lesaren

fornemma ei anna meining. På den m åten blir brevet, bruken av brevet, ei form som

går ut over sjølve brevets form. Denne forma blir avgrensa av linjene mellom det

reelle og det virtuelle teiknet, mellom dei uttalte orda og dei andre orda som ein kan

skimta eller fornemma i bakgrunnen. På d enne måten utgjer brevet ei form i tydinga

tekst- eller tanke-figur.

Denne beskrivinga er kort, men den rekker langt. Som minimalt og bare

rudimentært innslag i form av opnings- og sluttklisjéar er brevforma ei fast vending i

det aller meste av Ep.

Straks forma blir eit meir utbrodert innslag, aktualiserer den spesifikke

førestillingar om brevet, som ei enkel og kort og ikkje minst fortruleg form.

Førestillinga om ei enkel form kjem til uttrykk fleire stader. Her er to eksempel.

Udi denne Samling af Breve vil findes, at Materien svarer til Titelen, saasom intet

derudi sees uden de Ting, som kand interessere en Læser; da derimod mange andre

trykte Breve-Samlinger indeholde mestendeels intet uden Ord og Complimenter. Stilen

er herudi ikke saa pyntet som i mine moralske Tanker: Bør ey heller saa at være udi

Epistler." (Ep "Fortale", I, s. III.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!