23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kap. 4.3

Epideiktisk bruk av brevet hos Holberg

Éin funksjon av brevforma, slik Holberg utnyttar den, er å illustrera offentleg debatt

(ovanfor kap. 4.1). Ein annan funksjon er litterarisering. Dette ytrar seg på ulike

måtar i dei tre tekstane eller tekstgruppene som eg nå skal sjå nærmare på: Ep, MTkr

og levnetsbreva. Men funksjonen er den same: brevforma verkar med til å stilla

meddelinga i fokus.

MTkr I.171 er ein av dei mest påakta enkelttekstane i Holbergs essayistikk og

kjem i ein klasse for seg også når det gjeld bruk av brevforma. Ingen stad er

brevfiksjonen så gjennomført og så utnytta som her, og ingen stad er den heller så

synleggjort som i dette tilfellet. Stykket kan lesast som metakommentar, som ein

"poetikk", der forfattaren gjer greie for sin eigen bruk av brevet, ikkje bare i dette

stykket, men i essayistikken generelt.

Stykket har to fingerte kommunikasjonssituasjonar, den eine omfattar eller

"ligg utanpå" den andre. Den "indre" fiksjonen - brevet i brevet - inneheld eit sprelsk

forslag om at eit visst antal vakre kvinner - av omsyn til byens pryd - ikkje skal få lov

til å gifta seg før dei har fylt 35 år. Den "ytre" brevfiksjonen kommenterer den "indre"

(brevet i brevet), både i forkant og etterkant.

Om Forslaget er giort for Skiemt, eller om Projectmageren haver meenet det

alvorligen, skal jeg ej kunne sige; vil derfore overlade det til andre Læseres

Skiønsomhed (MTkr I.171, 144).

Jeg meddeeler Læseren dette ligesaa varmt som det er mig tilbragt: og maa andre

dømme, om derudi er nogen Soliditet, eller om Forslaget er giort for Skiemt eller

Alvor. Jeg for min Part kand intet vist her om sige, saasom jeg haver seet mange

alvorlige Projecter af samme Natur. (MTkr I.171, 147.)

Kommentaren hevdar at det er uvisst om brevet er skrive på skjemt eller alvor.

Denne kommentaren står i eit brev, eit brev som er plassert over eller u tanfor det

brevet som blir kommentert. Altså eit metabrev i bokstavleg forstand. Den uvissa

som kjem til uttrykk her, er dekkande for bruken av brevforma generelt hos Holberg.

Ein skal ikkje føla seg trygg på brevet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!