23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MELLOM ILLUSJON OG STILISERING 143

eller annan måte speler ei rolle. Hennar utgangstese er at brevforma aldri bare er ytre

pynt, men ein grunnleggande betydningsfaktor. Med sitt begrep "epistolarity" rettar

ho søkelys mot dei tilfella "wherever they may be found, when the creation of

meaning derives from the structures and potential specific to the letter form"

(Altman 1982, 4). Problemstillinga til Altman inkluderer alle tilfelle der brevforma

kan seiast å spela ei eller anna rolle, også tilfelle der brevet - eller element frå brevet -

inngår som brikke i større samanhengar. Til tross for eit slikt inklusivt utgangspunkt,

konsentrerer arbeidet hennar seg mest om brevforma i romanen. Eg har såleis hatt

nytte av hennar tilnærming eller haldning til stoffet først og fremst i eit generelt

perspektiv.

Konklusjon

Kampen om brevet har for ein del blitt utkjempa som teoretiske drøftingar. Her har

særleg to problem gjort seg gjeldande. Det eine er spørsmålet om omfanget til

sjangeren, nærmare bestemt om definisjonen skal vera orientert mot brevets

spesifikke vesen, eller mot dets mangfaldige bruk. Det andre er forholdet til normer

og forskrifter i retorikken. Det refrenget som går igjen, er at det er ei naturleg form,

fri for språkleg pynt og tilgjersle.

Men kampen om brevet blir utkjempa også i brevet. Klisjéane "spegel for

sjela", "enkel form", "ærleg form" blir då stilelement med ein dobbeltfunksjon; dei er

både illusjonsskapande og framsynande. I essayistisk og reflekterand e prosa kan

slike stilelement vera meir eller mindre framtredande. Men sjølv i tilfelle der dei bare

i mindre grad er til stades og bare utgjer perifere delar av tekstheilskapen, kan ein

gjera rekning med ein meiningskonstituerande funksjon. Det er dette eg nå rettar

søkelys på i Holbergs reflekterande prosa.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!