23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

142 KAP. 4.2

som er skrivne ikkje fordi dei må skrivast, men for hugnadens skuld og som har som

mål å gi lesaren noko å tenka på. I slike tilfelle blir kriteriet for vurdering ikkje om

brevet er naturleg i tydinga daglegdags, altså om det gir illusjon av samtale og

nærvere, men "om Sagen taaler Indfaldene, om de ere Umagen værd, om de som

vittige Indfald betragtede ere gode og rigtige, om de ere utvungne" (Gellert 1762,

121).

Men til tross for ei interesse for denne type skriv, reknar ikkje Gellert dei som

eigentlege brev, bare som ei sideavdeling, nærmare bestemt "en vittig Udarbeidning

i Form af et Brev" (122). Ei samling av slike skriv vil - kor gode stykka enn er

enkeltvis - i lengda bli keisam. Ein sinnrik stil som kontinuerleg og utan avbrekk

utfordrar tanken med nye og uventa ting, blir utoleleg i lengda. Derfor bør slike brev

vera korte, eller varierte, slik at intensiteten blir neddempa. (124-25.) Det ligg i sakas

natur at dette er ei spesielt krevjande form som ein skal akta seg for.

Ingen maa vove sig til denne Slags Skrivemaade, naar Naturen ikke har dannet ham

dertil. Og ingen, som har Mangel paa Munterhed og en smilende Vid, skal ved alle

Regler, ved al Umage, bringe det i den sindrige og lystige Skrivemaade alene saa vidt,

at han kan blive taalelig. (Gellert 1762, 125.)

Brev og refleksjon i moderne brevteori

Avhandlinga til Stina Hansson om svensk brevteori og brevskriving er todelt: først å

sjå om tradisjonell retorikk gjer seg gjeldande i svensk brevteori, deretter korleis

teorien blir praktisert i brevskriving. Ho avgrensar ein stad materialet slik at brev

som inneheld sjanger-subversive trekk, fell utanfor.

I det avsnitt som följer skal intresset koncentreras på förhållandet mellan genrer och

praxis. Vilket är det spel som utvecklas i relationen mellan dessa båda storheter? Jag

har här undvikit att ta med aristokratiska brevskrivare, som i kraft av den franska

brevteorin slår spelet över ända, och i stället valt tre skrivare, som håller kvar

kontakten med genresystemet […] (Hansson 1988, 165.)

Her blir materialet avgrensa på ein slik måte at det er i samsvar med den teorien som

allereie er presentert. På den måten lukkar Hansson stoffet; ei rekke former for bruk

av brevet blir haldne utanfor. På den måten stengjer ho ute ein kunstferdig eller

reflekterande bruk av brevforma frå sitt undersøkingsfelt. Som korrektiv vil eg

peika på den tilnærminga til stoffet som ein finn hos Janet Gurkin Altman. I staden

for å ta utgangspunkt i ferdige teoriar, startar ho med det mangfaldet brevet blir

knytt til i såvel form som innhald, og ho ramsar opp ei rekke verk som er svært

ulike, men som har dét til felles at brevforma på ein

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!