23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MELLOM ILLUSJON OG STILISERING 141

Det er eit inntrykk av samtalen Gellert held fram som eit ideal. Denne presiseringa

samsvarer med understrekinga hos Demetrios av at brevet - i kraft av å vera skrift -

ligg litt over samtalen. Brevet er ikkje samtale, men skapar illusjon om samtale.

"Naar jeg skriver, saa lader jeg ikkun som om jeg talede […]" (33, kursivert her). Og

dette er eit ideal som stiler høgt, for eit naturleg uttrykk er det som kostar mest

arbeid (37).

Merkelappen "avretorisering" er dekkande for Gellert for så vidt som han

avviser forskrifter, men dette inneber ikkje at retorikken forsvinn, bare at éin variant

av den blir erstatta av ein annan, som ved å skjula kunstgrepa er mindre merkbar,

men meir effektiv.

Brevteori og refleksjon

Sjølv om brevforma frå renessansen og frametter blir mye brukt ved lærde - særleg

moralfilosofiske - drøftingar, synest dette å vera lite påakta i dei brevbøker og den

brevteori som rår grunnen i dette tidsrommet, i alle fall i vår del av verda. Danske

brevbøker gir fint lite omtale av reflekterande prosa. Placius har nokre ord om

diskuterande brev, nærmare bestemt brev som veg for og imot i moralfilosofiske

spørsmål. Disposisjonen for slike brev "udføres ved Rationes dubitandi og

decidendi", seier han (Placius 1742, 141). Finkenhagen er meir spesifikk når han

plasserer Holberg-epistelen utanfor brevsjangeren.

Du vil da maaske vel vise mig hen til Hr. Baron Holbergs Breve; men disse endskiønt

de overalt ere admirables, og ligne deres fortreflige Autor, henhøre egentlig ikke

under det Slags Breve, som vi her tale om, men ere meere at ansee som lærde

Tractater, der ere skrevne i Form af Breve (Finkenhagen 1749, "Fortale til Læseren").

Synspunktet er utdjupa også ein annan stad hos Finkenhagen:

Jeg mener ikke her saadanne lærde Breve, som Cartesius har skrevet, hvoraf den

største Deel ikke indeholder uden hans Philosophie, og saadanne flere andres, som vel

ere skrevne i Form af Breve, men dog nærmere ere at ansee som lærde Tractater, som

enten Senecæ eller Ballegards og fleres. Men jeg taler allene her om saadanne Breve,

som jeg er nødt til at skrive, for at give min Mening tilkiende for et Menneske, som jeg

ikke kand tale med, og som jeg dog maa give mine Tanker tilkiende, enten det saa er

angaaende Affaires, eller det bare skeer for at forlyste sig, eller for at holde Vensk ab

ved lige, eller for Høfligheds Skyld. (Finkenhagen 1749, 10.)

Gellert stiller seg derimot langt meir open for reflekterande prosa. Han

omtaler som eit eige punkt det litterære brevet, eller - som han seier - epistlar

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!