23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

MELLOM ILLUSJON OG STILISERING 139

garanti for at det som blir sagt, er sant og oppriktig. Dvs. at avvisinga er tufta på ein

argumentasjon som til vanleg blir lagt til grunn også når det dreiar seg om å tilrå

bruk av brevet. Sagt annleis: til grunn for avvisinga av brevet ligg eit stilideal som i

det vesentlege er identisk med familiare-definisjonen:

Jeg har fra naturens hånd en utvungen og fortrolig stil, men den er helt min egen, og

egner sig ikke til offentlige anliggender, præcis som mit sprog der er for kortfattet,

rodet, stødvist og personligt.

Motsetnaden mellom dei to grunngjevingane samsvarer med forfattarens program;

eg motseier gjerne meg sjølv, seier han, men aldri sanninga (Les Essais III.2;

Montaigne 1992, III, 25). Samtidig som brevforma (eller avvisinga av brevet) blir

brukt som garanti for sanning, dvs. som garanti for at det som blir sagt er enkelt og

greitt, skjer dette i ei poengtert form, dvs. på ein måte som er alt anna enn enkel.

Shaftesbury

Jarlen av Shaftesbury - Anthony Ashley Cooper - representerer ein tradisjon som er

svært ulik den som Montaigne står i. På 1700-talet var han ein namngjeten og mye

lest forfattar. Når han etter kvart gjekk i gløym eboka, var det ikkje på grunn av

manglande litterære kvalitetar, men fordi dei stilideal og det slaget av litterær kunst

som han stod for, rett og slett gjekk av mote. John M. Robertson skriv i innleiinga til

den utgåva av Characteristics of Men, Manners, Opinions, Times, etc som eg nyttar, at

ein vesentleg veikskap med stilen til Shaftesbury "is that which differences it so

entirely from Montaigne's, its constant preoccupation with the labour of being at

ease". Shaftesbury prøver ikkje å vera ovanpå, han prøver å vera naturleg (Shaftesbury

1900, I, xv). Det publikum etter kvart ikkje har sett særleg pris på hos denne

forfattaren, er "his gentlemanlike discursiveness and want of visible method"

(Shaftesbury 1900, I, xx).

1708 publiserte han "Letter concerning Enthusiasm". Dette "brev" blei møtt

med kritikk, særleg i Frankrike, og nokre år seinare gav forfattaren svar på tiltale

(Shaftesbury 1900, II, 166-72) der han påstår at stykket opprinneleg var eit ekte brev,

ikkje tiltenkt eit publikum, bare ein fortruleg venn. Dei som kritiserer skrivet for

manglar i komposisjon, tar ikkje tilstrekkeleg omsyn til at det er eit brev dei har med

å gjera. Forklaringa på denne feillesinga er ifølgje Shaftesbury at det har blitt ein

utidig mote å lata som ein skriv brev til ein venn når ein eigentleg skriv for ålmenta.

Denne uvanen har ført til at eitkvart brev blir oppfatta som fiksjon.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!