23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

138 KAP. 4.2

består af andet end en lang kæde af belevne ord. Jeg har hverken evner eller lyst til

disse langtrukne ærbødighedsforsikringer. Jeg tror ikke ret meget på den slags, og

bryder mig ikke om at sige mere end jeg selv kan stå inde for. Det ligger fjernt fra hvar

der er skik og brug i dag, for der har aldrig eksisteret en så uværdig og servil

prostitution i høflighedsformularerne som nu: liv, sjel, hengivenhed, tilbedelse,

livegen, slave, alle disse ord er så udbredte og almindelige, at når man ønsker at give

udtryk for en mere personlig og ærbødig holdning, så har man ikke flere

udtryksmuligheder. (Les Essais I.40; Montaigne 1993, I, 272; Montaigne 1992, I, 252-53.)

Før eg omtaler sitatet nærmare, er det nødvendig med ein tekstkritisk merknad. Les

Essais ligg føre i tre forskjellige versjonar frå forfattarens hand, nærmare bestemt i

utgåver frå 1580, 1588 og 1595. Den andre utgåva har ei rekke tilføyingar i forhold til

den første, og på tilsvarande vis har tredje utgåva ei rekke tilføyingar i forhold til

den andre. Såleis er det tre sjikt eller lag i teksten, som Pierre Villey i si monumentale

utgåve har identifisert og markert med bokstavar, slik at "[A]" markerer byrjinga på

ein sekvens frå 1580, "[B]" sekvensar frå 1588 og "[C]" dei frå 1595 (biletet er meir

nyansert enn som så, men dette rekker i vår samanheng). Dette har gjort det mogleg

å lesa dei tre versjonane samstundes. Den danske utgåva som eg siterer frå

(Montaigne 1993), har dessverre ikkje tatt med desse markeringane; derfor har eg i

sitatet ovanfor ført inn markeringane frå utgåva til Villey (Montaigne 1992).

Montaigne hevdar altså at brevforma er noko han ikkje kan gjera nytte av. Det

som er påfallande med denne sjølvkommentaren, er at dei to tekstlaga (B og C)

inneheld ulike grunngjevingar for denne avvisinga. I B-sjiktet er argumentet at

brevet med sine formalitetar og "langtrukne ærbødighedsforsikringer" er eit hinder

for forfattarens eigen stil, som er enkel, utvungen og "helt min egen". I C-tilføyinga er

spørsmålet ikkje lenger kva som er ibuande eigenskapar ved brev et, men ytre

forhold: Forfattaren skulle gjerne ha brukt brevet, viss han hadde ein fortruleg venn

å skriva til; ettersom han ikkje har det, kan han bare bruka brevet gjennom å lata som

han har ein brevvenn, men det vil vera simulering, og simulering er det verste han

veit. Dei to sekvensane (B og C) reflekterer ulike oppfatningar av brevet, B-sjiktet

taler om brevet i "gammal" fasong, bunde av mønster og forskrifter, C-tilføyinga

opererer med ei "ny" oppfatning, meir i pakt med teoriane til Vives og Lipsius.

1588-versjonen (B) blir såleis nokså eindimensjonal i argumentasjonen medan

1595-versjonen (B+C) blir samansett og motsetnadsfylt. Likevel er det ein funksjon

som er gjennomgåande for dei to versjonane. Avvisinga av brevet - anten den skjer

med den eine eller den andre grunngjevinga - inneber ein

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!