23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

MELLOM ILLUSJON OG STILISERING 135

insistera på brevet som ei spesifikk form, skilt frå andre former. Dette er løysinga til

Vives og Lipsius.

Erasmus' De conscribendis epistolis frå 1522 er den viktigaste avhandling om

brevet i renessansen. Tolv år seinare gav Juan Luis Vives ut ei bok med same tittel

(Vives 1989), og denne blir rekna som nestviktigaste traktat frå dette tidsrommet. Det

er klare likskapstrekk mellom dei to. Begge gjentar familiare-definisjonen frå antikken

(Erasmus 1985, 20; Vives 1989, 24), og begge spør om brevet bør bestem mast på

grunnlag av eit generelt begrep eller på grunnlag av ein typologi som viser

variasjonen i emne.

Det er fleire forskarar som har lese verket til Erasmus utelukkande som ein

reaksjon mot ars dictaminis. Judith R. Henderson meiner denne karakteristikken

passar betre på dei tidlegare utkasta til avhandlinga enn på avhandlinga sjølv. I

desse utkasta, som blei skrivne i 1490-åra, fremja Erasmus ei ny brevlære i opposisjon

til dictamen-tradisjonen. Då den endelege versjonen av De conscribendis epistolis blei

laga omkring 1520, blei desse skriva gjennomarbeidde fullstendig, og etter denne

revisjonen kan ein sjå at Erasmus ikkje bare reagerer mot mellomalderens dictatores,

men også imot dei ytterleggåande klassisistane, "Ciceros aper" (som han forresten

retta eit kraftig åtak mot i eit seinare verk, Ciceronianis frå 1528.) Utan å godta

mellomaldertradisjonen gjekk Erasmus imot Cicero-puristane som ville avgrensa

epistelen til privatbrevet og rensa det frå alle merke frå ars dictaminis. Skulle brevet

fungera som reiskap i intellektuell og religiøs nytenking, måtte det også vera

fleksibelt i såvel form som innhald, og ikkje bli hemma av krav frå forskriftene frå

Cicero-renessansen. (Henderson 1983, 331-32.)

I spørsmålet om einskap eller mangfald vel Erasmus ei mellomløysing, noko

som resulterer i eit litt uoversiktleg system: I inndelinga av hovudtypar brukar han

tredelinga frå retorikken - forensisk, deliberativ og epideiktisk tale - kvar med mange

underkatogoriar. Men det som er spesielt for hans typologi, er tilføyinga av ein fjerde

hovudtype, "the mixed letter", også den med mange underkategoriar. På denne

måten viser han seg som synteseskapar; han bind saman mellomalderleg og

neoklassisistisk tradisjon ved å avvisa dei strenge krava hos begge, hos både magistri

nostri og "Ciceros aper".

Vives viser ei langt meir ekskluderande haldning til stoffet. Opprinneleg, seier

Vives, handla brevet om offentlege eller private nyhende til ein fråverande, men

stoffområdet har blitt utvida slik at det etter kvart kan handla om kva som helst. Og

det er særleg på dette punktet Vives viser interesse for å vera nyansert. For at ein

tekst skal reknast som brev, er det ikkje tilstrekkeleg å klistra på ei

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!