23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

134 KAP. 4.2

brevet etter kvart det viktigaste medium for spreiing av idear blant dei lærde, noko

som får konsekvensar for såvel teori som praksis. Francesco Petrarca er typisk gestalt

for interessa for brevet i tidleg renessanse. Han gjorde eitt av humanismens store

funn då han kom over ei samling Cicero-brev i boksamlinga i katedralen i Verona i

1345 (Wilkins 1961, 51). For han som sjølv var opplært i dictamen-tradisjonen, blei

møtet med breva til Cicero ei openberring. Med sin enkle stil og med sitt privat-

personlege innhald gav dei han ein ny idé om kva eit brev var for noko, og dei gav

han inspirasjon til å laga samlingar av eigne brev. Når han gjer greie for sine brev,

taler han heilt i samsvar med antikkens familiare-definisjon. Stilen er enkel, for stoffet

tillet ikkje noko anna. I innleiinga til Rerum familiarum libri I, 1 nemner han som

spesielt problem at samlinga kan verka ujamn, noko han forklarer med at kvart brev

er retta inn mot sin spesielle adressat og må ta omsyn til både hans gener elle

åndelege habitus og den situasjonen han er i når han mottar brevet (Petrarca 1975-85,

I, 9-11). Også ars dictaminis tok omsyn til adressaten, men bare ved å stilla spørsmål

om korleis ein skulle titulera og helsa mottakaren etter kva sosial stand han tilhørte.

Det som Petrarca stiller i fokus, er korleis omsynet til mottakaren styrer utforminga

av sjølve innhaldet i brevet. Her er ei avvising av generelle forskrifter, ikkje minst ei

avvising av dictamen-tradisjonen (Wilkins, 162). Ifølgje Giuseppe Billanovich

øydelegg han "[…] med et eneste anfall en stor del av det innviklede regelverket som

i århundreders løp hadde gitt regler for dictamen" (Vives 1989, 6 note 18; sitatet er

oms. frå it. av Kolbjørn Blücher).

Det kom etter kvart fleire brevsamlingar frå Petrarca. Desse samlingane

innleier diskusjonen om brevet i renessansen. I tillegg er dei startpunkt for det som

har blitt karakterisert som ein epidemisk bruk av brevet, ein bruk som for ein del er

epideiktisk og poengtert.

Diskusjon om brevet i renessansen

Dyrkinga av brevet i renessansen er samstundes ei dyrking av antikken, særleg

Cicero. Den kolossale Cicero-kulten, som kulminerte tidleg på 1500-talet (Clough

1976, 43), medførte bl.a. at norma for språk og stil på ny blei snever. Bare det som

hadde førelegg hos den store Tullius, kunne aksepterast. Dermed blei dét som i

utgangspunktet var ei frigjering frå mellomalderens rigide mønster, bare ei ny

tvangstrøye. På ny står ein overfor ein teori som dekker bare ein liten del av

røyndommen. Den gongen fekk problemet i hovudsak to løysingar. Den eine

aksepterer at brevet har blitt ei form for alle slags saker og emne; ein brevteori må

derfor vera inklusiv. Dette er standpunktet til Erasmus. Den andre løysinga er å

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!