23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

MELLOM ILLUSJON OG STILISERING 133

Det som er karakteristisk for ars dictaminis, kan - forutan at retorikken blir

relatert til skrift og særleg brev - summerast i fire punkt.

(1) Klassisk retorikk har eit mønster for inndeling av talen, vanlegvis i fem

punkt: innleiing (exordium), utgreiing (narratio), prov (argumentatio), avvising av

motargument (refutatio) og avrunding (conclusio). Dette blei brukt som mønster også

for brevet; brevet skulle komponerast i delar, klart avgrensa frå kvarandre. Men det

var visse, og ikkje ubetydelege, modifikasjonar:

(2) Av talens fem delar får narratio, argumentatio og conclusio bare kort og

summarisk omtale. Derimot får innleiinga, exordium, fyldig omtale, samstundes som

helsinga, salutatio, blir skild ut som ny, eigen del og får kolossal prioritet. Under dette

punktet gjer dictamen-lærebøkene nyansert greie for korleis mottakaren skal tiltalast

alt etter kva stand og stilling han er i. Vektlegginga av dei to innleiande delane

(salutatio og exordium) kallar Murphy "a hallmark of medieval ars dictaminis"

(Murphy 1981, 207).

(3) Bruk av modellar eller formular. Dette kjem markant til uttrykk hos Hugo

frå Bologna; bare ein firedel av hans retoriske avhandling er teori, resten er modellar.

"These [modellane] are no longer merely illustrative examples, designed to increase a

reader's understanding of the subject. Instead, Hugh begin s to provide samples of

phrases and even paragraphs that can be used verbatim in other situations."

(Murphy 1981, 217.) Ein slik retorisk praksis ville vore utenkeleg i antikken, seier

Murphy (Murphy 1981, 218, note 51.)

(4) Cursus, dvs. rytmisk setningsslutt eller kadens, er det mest påfallande

utviklingstrekket ved ars dictaminis. Dette slår inn som element i ars dictaminis

omkring 1180. Etter 1250 har dei aller fleste lærebøker eit appendiks om cursus. Men

dictaminis-forfattarane klarer aldri å integrera dette stoffet på skikkeleg vis (Murphy

1981, 253).

Generelt kan ein seia at ars dictaminis gjer greie for brevet som ei fast, formell

og upersonleg form, det vil også seia ei snever form; den passa glimrande til

diplomati og offentlege føremål, men gav ikkje særleg rom for annan bruk. (Witt

1982, 14.) Nå er det nok ikkje heilt rett å hevda at det utelukkande dreiar seg om ei

streng norm, utan rom for variasjon, men det er ikkje plass eller behov for å nyansera

dette biletet i vår samanheng.

Renessansen

Renessansehumanistane gjenoppdagar antikken, avviser mellomalderen og gir

brevet ein stadig meir sentral plass innanfor skriftkulturen. Samstundes blir

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!