23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

130 KAP. 4.2

Forma tillet ordspråk, men det er også alt den toler av filosofi: "[…] the man who

utters sententious maxims and exhortations seems to be no longer chatting in a letter

but preaching from the pulpit" (232).

Essens eller mangfald?

I antikken er ein også med viten andre former for brev enn privatbrevet. Demetrios

skil mellom brev til venner og brev til byar og kongar; dei siste "must be a little more

elaborate, since we should consider the person to whom the letter is written" (234).

Cicero deler mellom brev skrivne for bestemte ærend og brev skrivne bare for

kontaktens skuld, og vidare mellom familiært brev og forretningsbrev. (Jfr. også

Quintilian Inst. Or. IX.iv.19.) Demetrios blir rekna som forfattar til ei tekstsamling,

ordna typologisk og innehaldande 21 typar brev, med beskriving av kva stil som

passar til dei ulike typane.

Allereie i antikken er det såleis eit problem kva innretning ein brevteori skal

ha. Skal den fanga opp essensielle trekk ved forma eller skal den gjera greie for alt

som kan reknast som brev? Antikkens familiare-definisjon kjem til kort overfor det

mangfaldet som ein allereie då var medviten om.

Illusjon eller framsyning?

Men her er meir å grubla over: Viss teorien til Demetrios ikkje er dekkande, kvifor

blir den då i det heile tatt sett fram? Viss brevet ikkje er anna enn naturleg samtale,

skulle vel ein teori vera overflødig? Demetrios svarer indirekte på det siste

spørsmålet når han gjer nærmare greie for kva han meiner med enkel stil i brev. Han

viser til Artemon (utgjevaren av breva til Aristoteles) som hevdar at brevet er

akkurat som dialogen. Dét kan det vera noko i, medgir Demetrios, m en det er ikkje

heile sanninga. "The letter should be a little more formal than the dialogue, since the

latter imitates improvised conversation, while the former is written and sent as a

kind of gift" (224).

Å skjula kunsten - celare artem - er ein påakta regel i antikk retorikk. Arbeidet

med stilen må "[…] foregå så ubemærket som muligt", seier Aristoteles, "og det må

ikke virke, somom man talte kunstigt i stedet for naturligt. Det naturlige virker

nemlig overbevisende, medens det kunstige virker modsat" (Aristoteles Retorik 3.2.4,

1404b). Og Cicero åtvarer mot at kunstgrepa "skal falde i øjnene som et stykke

Kleinkunst" (Cicero Orator 44.149-150). Når kunsten skjuler sine kunstgrep, skaper

den illusjon, seier Ovid i historia om Pygmalion (Forvandlinger X.252-97). Den same

tanken gjer seg gjeldande når han i Ars Amatoria peiker på brevet som effektivt grep i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!