23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

4 KAP. 1

Metamorphosis, i Niels Klim, i komedie-parodien Ulysses von Ithacia gjer dette seg

opplagt gjeldande. Andre stader går det meir stillferdig og mindre støyande for seg.

Dette gjeld historieverka, levnetsbreva, og ikkje minst essayistikken.

Dette spelet kan sjåast i samanheng med eit sentralt motiv i forfattarskapen.

Tigellius- eller "Vægelsind"-motivet vitnar om ei interesse hos forfattaren for det skiftande

sinn, som snart er slik, snart slik, som går frå det eine ytterleggåande standpunkt til det

andre utan at ein kan forstå kvifor. Han brukar dette motivet også om seg sjølv, f. eks. når

han fortel at han kan vera oppfarande; ein hund som bjeffar, ei dør som slår kan bringa

han ut av fatning. Korvidt ein slik karakteristikk er dekkande for Ludvig Holberg som

historisk person, skal eg ikkje ta stilling til. Det som derimot har større interesse, er

korvidt den rammar forfattarrolla, dvs. måten forfattaren kommuniserer med lesaren på.

Lesing orientert mot innhald

Utgjevings- og resepsjonshistoria (Ehrencron-Müller 1933, X, 312-55, 403-55; MTkr, 379-83)

gir grovt sett inntrykk av at Holbergs reflekterande prosa til tider har vore neglisjert. Éin

ting er at den har komme i skuggen av andre delar av forfattarskapen, særleg komedie- og

satirediktinga. Vel så viktig er det at den for ein stor del har blitt lese utan omsyn til form

og litterære grep. Språket har stillteiande blitt oppfatta som meir eller mindre transparent

bunad for tanken.

Ei slik lesing, orientert mot innhald meir enn form, gir Holberg sjølv støtte til. Han

seier at tanken er viktigare enn forma, innhaldet viktigare enn uttrykket, kva folk gjer er

viktigare enn kva dei seier, osv. "Forberedelse" til MTkr kritiserer franske moralistar for å

sjå meir etter form enn "Materie" (MTkr, 15). "Fortale" til Ep framhevar at samlinga er

orientert mot innhald og ikkje tomme ord og kompliment (Ep, I. s. III). Eit uoppsliteleg

motiv i forfattarskapen er å låttleggjera vidløftig eller "ziirlig" språk (jfr. f. eks. den talen

skolemeisteren held "om den Fugl Phoenix" i Juele-Stue, scene 12).

Holberg kallar MTkr for "et heelt moralsk Systema" (MTkr, 9), og når han i Ep 447

hevdar at MTkr skapte "mange Bevægelser" (Ep 447, V, 10), er det mest sannsynleg ein

referanse til at det er dei filosofiske og teologiske synspunkta som har verka provoserande.

Dette inntrykket blir stadfesta av Joh. A. Scheibe i 1764; han seier om MTkr: "Insonderheit

hat sein darinn befindliches so genanntes Glaubensbekenntnizs manche Leute gegen ihn

in Harnisch gebracht" (sit. etter Ehrencron-Müller 1933, X, 314).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!