23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kap. 4.2

Mellom illusjon og stilisering

Opp gjennom historia er det særleg éi førestilling om brevet som har gjort seg

gjeldande: at det er ei enkel og naturleg form, fri for pynt og tilgjersle. Førestillinga

har særleg to implikasjonar, den eine er at teoretiske drøftingar ofte avviser

retorikken som uaktuell, den andre at denne avvisinga, når den blir praktisert, i seg

sjølv ei form for overtaling, som verkar på to måtar samstundes: På den eine sida

skapar den illusjon, etter prinsippet om at kunstgrepa i kunsten skal vera skjulte

(celare artem). På den andre sida er den epideiktisk, dvs. ei stilisering, ei framsyning

av kunstgrep. Denne tvetydigheten er ein betydningsfaktor ein må ta om syn til når

brevforma blir brukt i essayistisk prosa. Dette skal eg gjera generelt greie for i denne

bolken, i form av eit kort historisk riss.

Antikkens familiare-definisjon

I antikken er det utstrekt bruk av brevforma, men lite brevteori (Witt 1982, 7). Dette

er ikkje overraskande ettersom retorisk teori primært var tiltenkt talen, dvs. det

munnlege språket brukt i kamp - og konfliktsituasjonar (Ong 1985, 108-12). Brevet var

i motsetnad til dette ei skriftleg form, innretta mot fordrageleg og fortruleg

samkvem. Det blei sett i bås med daglegspråket (sermo) og bare i liten grad gjort til

gjenstand for teoretisk drøfting. (Henderson, 1983a, 334.) Det finst eit par unntak frå

denne generelle regelen; bl.a. nokre avsnitt i avhandlinga om stil av Demetrios

(Demetrios On Style), som truleg inneheld den eldste greske definisjonen på brev

(Thraede 1970, 21).

Brevet, seier Demetrios, er som samtale mellom fråverande, det har som mål å

gi uttrykk for vennskap og å framstilla eit enkelt emne i enkle vendingar (Demetrios

On style 231). Meir enn noka anna form speglar brevet sjela til sendaren (227). I

format, stil og stoff skil det seg frå meir vidløftige former som tale og avhandling; i

motsetnad til talen har det ikkje periodisk syntaks, det ville vera imot brevets "idé"

(229). Brevet passar til nokre emne, men ikkje til andre.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!