23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

128 KAP. 4.1

Konklusjon

Kriteriet for brevet er samsvar mellom tekstens interne og eksplisitte eg-du-relasjon

og sendar og mottakar utanfor teksten. Her har den "interne" delen av kriteriet,

eksplisitt markering av eg-du-relasjon i teksten, blitt lagt til grunn for avgrensing av

eit tilfang, medan den "eksterne" delen av kriteriet gir grunn for å avvisa tilfanget

som heilskap. Så kan ein gjera ei lang historie kort og slå fast at det var ikkje brev

Holberg skreiv, i beste fall ser det bare slik ut. I den grad Holberg-essayet peiker ut i

og blir påverka av ein historisk kontekst, skjer dette ikkje i kraft av brevforma, men i

kraft av den konkrete debatten som det enkelte stykket plasserer seg inn i, utan

omsyn til brevforma. I den grad brevforma kan seiast å ha nokon direkte funksjon,

må det vera å gi slik debatt ei lesarrolle. Det instruerer mottakaren i kva skriftleg

meiningsutveksling er for noko og korleis ein skal lesa og forstå slike tekstar.

Brevforma har også andre funksjonar. Den kan vera både levandegjerande og

vittig i konkretiseringa av ein kommunikasjonssituasjon. Men viktigast av alt er ein

epideiktisk eller framsynande verknad. Dette vil eg gjera nærmare greie for i det

følgjande (kap. 4.2 og 4.3).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!