23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KOMMUNIKATIV FUNKSJON INNSKRIVEN I TEKSTEN 127

Tanken er kjend frå Walter Ong som ser forfattarens publikum som ein uunnverleg

fiksjon. "[T]he writer's audience is always a fiction. The historian, the scholar or

scientist, and the simple letter writer all fictionalize their audiences, castin g them in a

made-up role and calling on them to play the role assigned." (Ong 1975, 17.)

Fiksjonen er nødvendig i kraft av skrifta. Ved tale trengjer konteksten inn i

utforminga av talen, ved skrift - bortsett frå spesielle unntakstilfelle - er forfattaren

aleine, utan kontakt med dei han vender seg til. Denne mangelen avhjelper

forfattaren ved - bevisst eller ubevisst - å skriva ei lesarrolle inn i teksten. Fenomenet

gjeld all skrift, men vil ifølgje resonnementet til Ong vera spesielt synleg i faser der

skrifta legg under seg nye felt. Geoffrey Chaucer hadde problem med lesarrolla i

Canterbury Tales; for mange av historiene var det ingen tradisjon i engelsk, og slett

ikkje for samlinga som heilskap. Chaucer avhjelper mangelen ved ei stilisering,

nærmare bestemt rammeforteljinga. Han diktar opp ein situasjon der ei gruppe

pilegrimar på veg til Canterbury fortel soger for kvarandre. Denne fiksjonen

inviterer lesaren til å sjå seg sjølv som del av dette selskapet, og å førestilla seg

historiene som munnleg formidla.

På same måten som Walter Ong ser rammeforteljinga som ei slags hjelperåd i

ein kultur der verken forfattar eller publikum hadde særleg røynsle med

skriftspråket (jfr. også Ong 1985, 103), kan ein sjå brevforma og brevfiksjonen som

hjelperåd i eit samfunn som ikkje har røynsle med ein open skriftleg debatt.

Brevforma eller brevillusjonen viser eit mål og ei hensikt med skrifta: å utveksla

meiningar og synspunkt. Den lesarrolla som på denne måten blir definert, er til støtte

ikkje bare for lesaren, der han sit aleine med nasen ned i den framande skrifta, men

også for forfattaren, der han sit aleine medan han utformar denne framande skrifta.

Skrifta gjer den som taler usynleg for lesaren, og likeins mottakaren usynleg for

forfattaren. Brevfiksjonen avhjelper til ein viss grad desse manglane. Ifølgje P. M.

Stolpe oppstod dei første aviser av skrivne nyhendebrev, og hadde frå byrjinga sjølv

brevform (Stolpe 1977, II, 147-48). Forma var i ferd med å forsvinna frå avisene på

Holberg-essayets tid, men kom då i bruk også i tidsskrifta.

Fiksjonen er svak i Holberg-epistelen, så svak at det gjennomgåande er

umogleg å danna seg eit levande bilete av den personen teksten vender seg til. (Dette

er svært annleis hos Addison og Steele, Spectator.) Men om fiksjonen er spinkel, gir

den ikkje desto mindre eit tydeleg signalement av ein dialogsituasjon.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!