23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

126 KAP. 4.1

sentrale påstandar i stykket. Den eine er at løyndommen til frimurarane bare er ein

bløff, at selskapet er danna på skjemt for å gi folk "Materie til Discours". Til grunn for

påstanden ligg følgjande resonnement: Lover og vedtekter til frimurarane må vera

anten vonde eller gode. Viss dei var vonde, er det umogleg at dei kunne tiltrekka seg

så mange solide menneske. Viss dei var gode, kvifor då halda dei løynde? Den andre

påstanden er at dette er noko konene (til frimurarane) har skjønt. At dei lar mennene

vera i fred er sikkert teikn på at løyndommen bare er bløff. Hadde frimurarane

verkeleg hatt noko å skjula, ville det vore den minste sak for kvinnene å rista dette ut

av dei. La Baumelle - som sjølv var frimurar - gir Holberg svar på begge punkt.

Kvinnene stiller seg ikkje så likegyldige som Holberg vil ha det til; La Baumelle

kjenner til tilfelle der dei har gjort alt det som stod i deira makt for å få mennene i

tale. Han avviser også at eit så alvorleg selskap som frimurarane er, skulle vera

danna bare på skjemt. I Ep 417 gir Holberg ytterlegare kommentar til debatten, bl.a.

med referanse til andre innlegg. Denne spesifikke referansen er tydeleg ved opninga

av stykket.

"Min Herre forlanger at vide, hvad jeg dømmer om det Skrift, som nyeligen her udi

det Franske Sprog er udkommet mod Frimurerne" (Ep 417, IV, 309).

Setninga har to referansar - "Min Herre" og "det Skrift" - som viser to forskjellige

relasjonar til ein kontekst. Den første ("Min Herre") illuderer ein

kommunikasjonssituasjon, men er i realiteten ei avbryting av ei utpeiking i ein

kommunikasjonssituasjon. Den andre ("det Skrift") derimot opnar mot ein reell

historisk situasjon, dvs. peiker ut i ein kontekst og lar samstundes denne verka

styrande på utforminga av teksten. I den grad Holberg-essayet er prega av ein reell

kommunikasjonsituasjon, er det såleis ikkje i kraft av brevforma at dette skjer.

Brevforma er lutter fiksjon.

Brevet illustrerer offentleg debatt

Men denne fiksjonen - kor spinkel den enn er - utøver likevel ei gjerning. Det dreiar

seg om to funksjonar, den eine er å illustrera offentleg debatt, den an dre er å syna

fram sjølve meddelinga.

All skrift er fiksjon ved det at den diktar opp ein kommunikasjonssituasjon.

Einar Økland seier det slik:

Fiksjonen er at ein forfattar snakkar til deg og t.d. syner kva folk har sagt og gjort, slik

at du trur det kan ha vore så. Det er fiksjonen, for det kan ha vore fageren for alt vi

veit. Det finst fiksjon av eit eller anna slag i alle slag tekst. Same om noko er faktisk og

sant, det blir oppdikta når det kjem på trykk. (Økland 1989, 63.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!