23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KOMMUNIKATIV FUNKSJON INNSKRIVEN I TEKSTEN 125

blind Allarm. Anledning til bemeldte Strids-Skrifter er tagen af min 35. Epistel,

hvorudi jeg fingerer en Samtale mellom mig og en Reformered. (Ep 414, IV, 299-300.)

(Holberg refererer her til to personar, men det dreiar seg eigentleg om to variantar av

eitt og same svar, frå éin og same person, La Beaumelle.)

Eit anna eksempel er Ep 289 som er ein respons på eit vers Terkel Klevenfeldt

skreiv til ære for Hans Gram ved hans død 1748. Også her trengst eit par

bakgrunnsopplysningar: Som historikarar representerte Holberg og Gram kvar sine

retningar. Gram medverka til gjennomslaget for kjeldekritikken i dansk

historieforsking, dvs. til gjennomslaget for det ein kan kalla eit moderne historiefag.

Innsatsen hans var hovudsakleg fagleg; han har ingen populærvitskapleg

produksjon. Med Holberg er det så å seia motsett; han skreiv masse, brukte både

gammalt og nytt kjeldetilfang; han er nyskapande ved det at han meistrar eit

heilskapleg perspektiv på eit omfattande materiale, og ved populariserande

framstilling. Men han er ikkje sjølv med på å utvikla fagets metodikk eller

kjeldetilfang. Sjølv om Holberg gjorde lykke som historiograf, er det også dekning

for å hevda at han som historikar kunne føla seg distansert av Gram o.a., og at denne

kjensla kanskje verka med til at han gav opp historiefaget. I det omtalte verset frå

Klevenfeldt blir Gram rost fordi han ikkje - som visse andre - dreiv handel med sine

skrifter ("[…] Han skrev […] ey for at skrive,/ Ey prangde ud sit Pund, som Høkren

gammel Smør;/ Han ikke Aager-Kram med Lærdom vilde drive […]". Holberg kjente

seg ramma av desse linjene, og svarer i Ep 289 med eit motangrep på både Gram og

Klevenfeldt.

Thi hans Sørge-Viise synes heller at indeholde en Satire end en Lov-Sang over den

Afdøde, og man af Materien saavelsom Stiilen seer, at han haver giort et Liig-Vers over

sin egen Reputation, og derfor fortiener heller at ynkes end at igiennemheigles.

Fornuftige Folk, saavel uden- som indenlands, dømme langt anderledes om mine

Skrifter, for hvilke de meene, at jeg heller haver fortient Tak end Eftertale i mit

Fæderne-Land, og alle ville derfor holde for, at Poëten ved denne sin Critiqve ingen

haver beskadiget uden sig selv (Ep 289, III, 342.)

Eit tredje eksempel er Ep 11 og Ep 417 som begge handlar om frimurarane, ei

rørsle som oppstod i England 1717 og som fort spreidde seg til andre land, til

Danmark i 1740-åra. Det var mye debatt om frimurarane, ikkje minst i samband med

at paven ekskommuniserte dei i 1738. Ep 11 og Ep 417 kan lesast som innlegg i denne

debatten. Det er sannsynleg at samtidige debattinnlegg ikkje bare har gitt støytet til

Ep 11, men også gitt førelegg for stykket; Billeskov Jansen kan peika på ei samtidig

kjelde for ein sekvens av teksten. Dessutan får Holberg svar på to

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!