23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KOMMUNIKATIV FUNKSJON INNSKRIVEN I TEKSTEN 123

Min Herre haver Ret udi det, han skriver. Jeg tilstaaer, at jeg ved alle Lejligheder

haver udi mine Skrifter tilkiendegivet min Afskye for den Romerske Religion. (Ep 414,

IV, 299.)

I begge tilfelle gir første setning - isolert sett - inntrykk av at det er

brevkommunikasjonen som styrer, dvs. at det dreiar seg om informasjon som dei

historiske dialogpartnarane sit inne med, men som ikkje er innskriven i teksten. Men

allereie i neste setning går ei slik spesifikk innretning i oppløysing. (I ein del tilfelle

er det referanse til tidlegare brev/ skriv, utan nærmare forklaring; men referansen

går då til ein tidlegare tekst, ofte den umiddelbart føregåande; f. eks. Ep 248.)

Brevform og historisk kontekst

Det er ein generell påstand i dette arbeidet at Holberg-essayet er eit litterært eller

estetisk objekt i den grad det er intransitivt, i den grad det bryt av utpeikinga i ein

historisk kontekst. Ikkje desto mindre er det også referanse til samtida, og det er i

denne doble relasjonen til omverda at brevforma utøver si gjerning. I den grad

Holberg-epistelen peiker ut i ein historisk kontekst, kan dette ikkje knytast til

brevforma, til eit samsvar mellom eg og du i og utanfor teksten. Sagt annleis: Som alle

tekstar står også Holberg-epistelen i ein reell dialogsituasjon. Og ikkje bare det:

denne reelle dialogsituasjonen har også hatt påvisleg innverknad på utforminga av

ein del av tekstane. Men den har ingenting å gjera med den dialogen som brevforma

refererer til. Den dialogen er bare fiksjon.

Det er eit mangfald av spørsmål som blir drøfta i Ep: historie, politikk,

biografi, filologi, osv. Holberg tar opp tradisjonelle tema frå moralfilosofisk litteratur,

meir og mindre aktuelle filosofiske eller teologiske spørsmål, og - det som har størst

interesse i denne samanhengen - er at han enkelte stader går inn i konkrete og

spesifikke samtidige debattar. På den måten kan ein sjå enkeltstykke i Ep som

innlegg i ein reell historisk debatt. Eg skal sjå nærmare p å eit par slike tilfelle.

Ifølgje kommentarane til både Chr. Bruun (i utgåva frå 1865-75) og Billeskov

Jansen (i utgåva frå 1944-54) - som ein del av deltaljopplysningane i det følgjande står

i gjeld til - er det nokre få tilfelle der Ep fremjar synspunkt med adresse til bestemte

personar i samtida. Dette gjeld bl.a. eit par stykke (Ep 441 og Ep 414) som refererer til

franskmannen Laurent Angliviel de la Baumelle, ein reformert forfattar som kom til

København 1747. Under opphaldet tok han aktivt del i offentleg debatt. Bl.a. gav han

ut La Spectatrice Danoise ou l'Aspasie

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!