23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

122 KAP. 4.1

tilskikkede Oversættelse af de gamle Tactiske Skribentere …"; Ep 439, IV, 370), peiker

såleis ut "i tingenes verden". Ytre og eintydige merke av denne reelle

korrespondansen har blitt viska ut i den publiserte versjonen. Likevel er det nokre

spor tilbake. (1) Markeringa av "du" er eit integrert og ikkje laust påhengt

tekstelement. Du-tiltalen er i 3. person ("han"); dette var den passande måten å tiltala

personar av sin eigen stand på, som ein ikkje stod på fortruleg fot med. (2) Tonen er

ikkje intim, men det rår semje og sams haldning mellom eg og du i teksten; brevet gir

tilslutning til dei faglege prioriteringar adressaten har gjort. Denne fordragelege

tonen står i motsetnad til den tilspissa og agonistiske haldninga som elles er vanleg i

Ep.

Ep 439 kan sjåast i lys av den nyanseringa som Violi gir av ideallesaren.

Tekstens innskrivne lesarrolle kan krevja ein meir eller mindre "idiosynkratisk"

kompetanse; yttarpunkta er innretting mot bare éin reell lesar eller - på den andre

sida - mot ei open gruppe av mottakarar. Ep 439 er nok open overfor ei større gruppe

mottakarar, men samstundes er det ikkje vanskeleg å førestilla seg at brevet har fått

ei spesiell betydning for den personen det ein gong blei sendt til. Med begrep frå

Roman Jakobsons teori om språkfunksjonar kan ein seia at teksten har hatt fatisk

verdi for den eine mottakaren, men ingen slik funksjon for det store publikum.

Bortsett frå Ep 439 er det i Ep ikkje samsvar mellom ein intern og ein ekstern

historisk mottakar. Graden av "idiosynkrasi" vil såleis ikkje vera eit spørsmål om

teksten er retta inn mot bare éin mottakar eller også mot ei open gruppe av

mottakarar. Dvs. at brevforma ikkje i særleg grad er berar av ein djupare funksjon av

brevet, der dialogen - brevets dialogsituasjon - virkar styrande på utforminga av

teksten. Den lesarrolla som er innretta mot det eksplisitte "du" i teksten, kjem i

skuggen av ei lesarrolle innretta mot eit allment publikum. Overfor tekstens

eksplisitte "du" er teksten presenterande på ein måte som undergrev dette "du" og

gjer ein reell ytringssituasjon til eit tomt postulat. Alle tilløp til spesifiseringar på

grunnlag av eg-du-relasjonen blir viska ut. Innrettinga på mottakaren er

gjennomgåande så vag og generell at det, som Billeskov Jansen hevdar (Jansen 1938-

39, II, 66-67), er umogleg å danna seg eit inntrykk av han. Denne generaliseringa er

synleg ved innleiinga til mange av enkeltstykka. Eit par eks.:

Det er mig kiært, at mit sidste Skrift haver fundet min Herres Approbation. Min Herre

skriver, at han forundrer sig over, hvorledes jeg i den Alder, og udi en saa slet

Helbred, kand bestride mit Embedes Forretninger, og tilligemed skrive saa mange

Bøger. (Ep 85, II, 22.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!