Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen
Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen
Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
KOMMUNIKATIV FUNKSJON INNSKRIVEN I TEKSTEN 121

Holberg hadde kontakt med, men som stod over han i rang: Frederik Rostgaard, Chr.

Rantzau, Niels Griis, Chr. Reitzer. Andre forslag har vore meir fantasifulle, f. eks.

hevda Viljam Olsvig at brevet var retta til kong Frederik IV, og Just Bing peikte ut

grev Ulrik Adolf Holstein til mottakar. H. Ehrencron-Müller gjer fyldig greie for

diskusjonen og rundar gjennomgangen av med ei generell avvising av alle framlegg

til ein historisk mottakar: "[…] om dem alle gælder, at der ikke fra noget Hold er

fremført Beviser eller blot Grunde, der kunde gøre det sandsynligt, at de var den

virkelige Adressat" (Ehrencron-Müller, X, 97-103, sitat 100).

I 1868-69 sette filologen Carl Wilhelm Elberling fram tesen om at den

omdiskuterte "vir perillustris" er ein fiksjon som tener til å gi Holberg påskot til å

fortelja om seg sjølv; det ville jo bli for anmasande om han fann på dette av seg sjølv.

Elberling seier vidare:

han [Holberg] har gjort det Samme, som han gjorde i den anden og den tredie Epistel

og ligeledes i sine danske Epistler; han skrev sin Epistel i Tiltaleform til en Anden, da

han ønskede, at Brevene skulde læses af Alle (opprinneleg lat. tekst, her sitert i oms.

etter Bruun, 1895, 11).

Etter kvart har synet til Elberling fått generell aksept.

Ein føresetnad for diskusjonen om kven mottakaren av levnetsbreva er, er at

teksten blir lesen som om den hadde ein reell historisk adressat, samsvarande med

"du" eller "De" i teksten. Og ein generell konklusjon på debatten er at det ikkje er

noko slikt samsvar.

Erik A. Nielsen undrar seg med rette over at denne debatten i det heile tatt har

funne stad, i Kierkegaards heimland (!) og om ein forfattar som Holberg (!) der det er

så mye bruk av pseudonym og tilgjorte forfattarroller (Nielsen 1984, 9). Ikkje minst

kan ein bli forundra på grunn av at ein samtidig lesar som Hans Gram så klart såg eit

element av spøk og tilgjersle i verket.

Men "vir perillustris"-debatten gir også grunn til å spørja om kva eigenskapar

ved teksten det er som skapte denne forvirringa eller gjorde den mogleg. Spørsmålet

har vore reist av Ejnar Thomsen og andre. (Dette kjem eg tilbake til nedanfor, kap.

4.3.)

Epistler

Av dei ca. 540 enkeltstykka i Ep er det bare Ep 439 som sikkert har vore brukt i ein

reell korrespondanse. I si tid sende Holberg epistelen til historikaren Peter F. Suhm

(1728-98), som takk for nokre historiske arbeid. Den takk som avsendaren rettar til

mottakaren innleiingsvis ("Jeg takker min Herre for hans mig