23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

120 KAP. 4.1

Samsvaret intern-ekstern mottakar som kriterium

Så langt er eit tilfang avgrensa på grunnlag av "minstemålet" til Violi (ei eksplisitt

intern markering av ein eg-du-relasjon). Men teorien omfattar også samsvar mellom

på den eine sida ein tekst-intern eg-du-relasjon og på den andre sida ein reell sendar

og ein reell mottakar utanfor teksten. Det er dette kriteriet som kan avgjera om og

korleis ytringsituasjonen verkar styrande på teksten, dvs. gjer sjangeren spesifikk i

kraft av å vera retta inn mot ein historisk person.

Eg skal inntil vidare avgrensa spørsmålet om samsvar mellom eg-du-

relasjonen i teksten og personar utanfor til bare å gjelda mottakaren: Spørsmålet blir

då: Er mottakaren utanfor teksten av betydning for den lesarrolla teksten definerer?

Spørsmålet kan faktoriserast: Er det éin reell historisk mottakar som korrelerer med

det eksplisitte "du" i teksten? Og i så fall: På kva måte er denne relevan t for

beskrivinga av den lesarrolla teksten definerer? Eller: Kan den informasjonen

lesarrolla krev, avleiast frå teksten sjølv, eller går den ut over tekstens inskripsjonar?

Moralske Tanker

For MTkr er svaret kort; ingen av dei 10 tilfella der brevforma blir brukt, gir grunnlag

for å sjå nokon reell historisk mottakar utanfor teksten som samsvarer med "du" i

teksten.

Levnetsbreva

Ein skulle tru at heller ikkje Epist I-III gir grunnlag for noko slikt, men Holberg-

litteraturen kan fortelja ei anna historie. Ved utgjevinga av Epist I karakteriserte Hans

Gram skriftet som vittig og lystig, og han føyer til:

Og i dette Skrift har han [Holberg] ret gjort sine Kritikere og sine Motstandere - om

han ellers har nogen, som han ofte klager over - det til Behag, idet han har givet dem

en rig Anledning til at le og til at le ad sig, idet han rundt om har strøet saamange

Lovtaler over sig, sine Komedier, sine Satirer, saa mange Historier og Fortællinger,

der snart ere vittige, snart ere flade og flove […] (opprinneleg lat. tekst, her sitert i

oms. etter Bruun 1895, 24).

Gram les Epist I som eit spøkefullt skriv; han tar ikkje alle opplysningar som blir gitt,

for deira pålydande verdi ("sine Motstandere - om han ellers har nogen"). I

motsetnad til dette har ettertida for ein stor del handtert spørsmålet om mottakaren

på langt meir vidløftig vis. Levnetsbreva er retta til ein standsperson, tiltalt som "du",

og kven denne "vir perillustris" er, har vore eit mye omtalt spørsmål i Holberg -

forskinga. Blant forslaga til mottakarar er personar som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!