23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNLEIING 3

at Epist I-III, sett under eitt, startar som autobiografi, dvs. beretning om sentrale hendingar

i eit livsforløp, og endar som essay, dvs. drøfting av eit moralfilosofisk spørsmål i

poengtert form.

Bruk av tilfanget

Eg forsøker å sjå Holbergs reflekterande prosa under eitt. Dei spørsmål eg stiller gir ikkje

rom for å gjera greie for tilfanget del for del, og på uttømmande vis, men aktualiserer

ulike delar av det i varierande grad. I praksis inneber dette at det verket som kjem mest i

fokus, er MTkr som utan tvil er høgdepunktet i Holbergs essayistikk. Det er "[…] det

danske Skrift, i hvilket Holberg skarpest har overvaaget sin Prosa", seier Billeskov Jansen

(Ep, VIII, 5), ein karakteristikk som er dekkande for både detalj og heilskap. Forma er

polert og poengtert, og flettar saman eit stort tilfang av ulike kjelder i ein tett vev. Ikkje

minst som bok er MTkr eit gjennomkomponert verk (jfr. Hagedorn Thomsen 1984), noko

langt meir enn eit tilfeldig samantreff av enkeltståande tekstar. På denne bakgrunn blir

eksempla oftare henta herifrå enn frå Ep. I det store og heile er Ep mindre utprega enn

MTkr; prosaen er ikkje så polert og så poengtert, bruken av kjelder er ikkje så samansett og

mangfaldig som i MTkr. Innleiingane frå helte- og heltinnehistoriene kjem heilt i

bakgrunnen og blir bare sporadisk omtalte. Derimot er det korte omtalar av tekstar som

ligg utanfor Holbergs reflekterande prosa i streng forstand, av Niels Klim, Epist I-III og dei

historiografiske verka.

Spørsmål

Eg forsøker å stilla teksten i fokus ved å spørja korleis den skaper betydning, kva

vilkår for betydning som ligg til grunn for den. Teoretisk inneber dette ei retorisk

orientering, altså ei interesse for kva det er språket gjer med mottakaren, korleis

teksten definerer ei lesarrolle eller konstruerer sin lesar.

I tilfellet Holberg kan ein trygt seia at ei slik problemstilling ikkje er gripen ut

av lause lufta. Som forfattar kom han tidleg ut i hardt vêr på grunn av

samfunnssatiren i Peder Paars, noko som ser ut til å ha sett varige spor, for han kjem

ofte tilbake til denne konflikten, gjerne i generelle vendingar, dvs. som eit spørsmål

om kva som er rett og rimeleg lesing eller tolking av satiren (Nielsen 1984, 45-168).

Han hevdar bl.a. at folk ikkje veit korleis dei skal lesa satire, f. eks. når dei tar

generell kritikk av menneskeleg veikskap som åtak på dei sjølv, som personleg

kritikk. I den grad lesarrolla er eit spørsmål som opptar Holberg og til dels også er

eit problem for han, viser det tilbake på den kjensgjerning at han kunne driva eit til

dels høgt retorisk spel med sine lesarar. I Peder Paars, i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!