23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Epistler

KOMMUNIKATIV FUNKSJON INNSKRIVEN I TEKSTEN 119

I Epistler opnar og sluttar alle stykka med same brev-skabelon ("Til **", "Jeg forbliver

&c"). Avvik frå dette - f. eks. at slutt-formularet er utelatt i Ep 441 - er sporadiske og

uvesentlege. Forutan opnings- og sluttformulara er eg-du-relasjonen markert på

varierande vis, ein variasjon som er parallell til den ein finn i dei ti stykka i MTkr. I

ein del tilfelle er det ingen eksplisitt markering av eg-du-relasjon (f. eks. Ep 186, Ep

292). I andre tilfelle er markeringa sporadisk, f. eks. brukt som sekvenssignal i

teksten ("Min Herre seer her af …", Ep 185), eller ved ei laust påklistra innleiing som

refererer til mottatte brev, tidlegare samtaler o.l. ("Jeg takker for sidste kierlige

Skrivelse", Ep 25, I, 109; "Jeg seer af dit Svar paa min seeneste Skrivelse af 22. Octobr.

…", Ep 17, I, 70; "Du forlanger at vide …, Ep 232, III, 181). Ei tredje gruppe utgjer dei

tilfella der brevforma kan seiast å ha ein styrande funksjon i teksten. Straks f. eks.

innleiinga refererer til brevvennens syn på ei sak, eller hans uro for noko, fungerer

brevfiksjonen aktualiserande; den gir forfattaren påskot til å legga fram sine tankar.

Brevfiksjonen kan også virka dirigerande ved at sendaren utbroderer sin situasjon,

ved at eksempel-tilfanget refererer til erfaringsverda til mottakaren (f. eks. Ep 285),

og ikkje minst ved at brevforma blir tematisert eller på anna vis stiller seg sjølv i

fokus. (Fleire eksempel nedanfor, kap. 4.3.)

LevnetsbrevaI Levnetsbreva blir ein eg-du-relasjon gjort eksplisitt ved byrjing og slutt i

alle tre avdelingar, som f. eks. ved opninga av første levnetsbrev: "Der er intet, jeg

hellere paatager mig, end det, De beder mig om. De paalægger mig at nedskrive

mine erindringer …" (Epist I, 5; øvrige stader: 363, 369, 387-91, 395, 683). Medan

mottakaren blir direkte tiltalt bare i desse sekvensane, er sendaren derimot langt

meir framtredande. Den som seier "jeg", er ikkje bare den som taler, men også den

som blir omtalt og viser såleis tilbake på utseiinga som både diskurs og historie. I

kraft av dette kan Epist lesast som autobiografi. Ser ein dei tre levnetsbreva under

eitt, dreiar dei seg ikkje bare om livet til den som fører ordet, men også om andre

saker; Epist I omtaler Holbergs komediar i, Epist II gir brei skildring av bybrannen i

København 1728, Epist III gir omtale av eigen forfattarskap (særleg Niels Klim), ein

serie parvise nasjonalkarakteristikkar samt "Prøve på eit moralsk system", dvs. dei

seks essays som i dansk omsetting skulle inngå i MTkr. Særleg denne tredje delen av

levnetsbreva har såleis bare i liten grad fokus på "jeg" som person. Sett under eitt

opererer dei tre levnetsbreva innanfor eit register av sjangrar: brev, sjøvbiografi,

beskriving, historie, essay.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!