23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

118 KAP. 4.1

eit spørsmål om allmennkunnskap, som intertekstualitet, som "tomrom" i teksten

(Iser 1974), osv. Det registeret Violi ser for seg, er tufta på kriterium som er sjanger -

spesifikke.)

(3) Skiljet mellom diskurs og historie definerer brevet; distin ksjonen kan i

tillegg på eit meir nyansert nivå gjera greie for ein spesifikk eigenskap ved det. Som

diskurs handlar brevet om å skriva brev; brevskrivaren "fortel seg sjølv" i den

handlinga. Som historie dreiar brevet seg om noko anna. I eit tilfelle kan diskursen

danna ramme for historia, i eit anna tilfelle kan eit slikt skilje vera utviska ved at

historia fell saman med diskursen. Brevet bind heile vegen saman "a direct

connection" og "delayed transmission", det bind saman noko som mest er ein indre

monolog, med referat av fortidige hendingar. På den måten får teksten eit

dobbelperspektiv; i dei tilfelle der forteljaren også er protagonist, er perspektivet

knytt til begge desse tekstinstansar, både den som fører ordet og den det blir fortalt

om. (Violi 1985, 154.)

Holbergs bruk av brevforma

Forholdet sendar-mottakar som kriterium

Teorien til Violi gir grunnlag for ei avgrensing av tilfanget av brev: Som nødvendig

kriterium, som "minstemål", reknar ho eksplisitt markering av forholdet mellom

sendar og mottakar. I kraft av dette kriteriet kan ti av stykka i MTkr vurderast som

brev, vidare alle Ep samt Epist. (Kriteriet gjer det også mogleg å vurdera ein del

forord, men den følgjande omtalen omfattar ikkje slike tilfelle.)

Moralske Tanker10 stader er det i MTkr eksplisitt markering av forholdet mellom

sendar og mottakar. Det er på vekslande vis brevforma gjer seg gjeldande i desse

tilfella. Markeringa av relasjonen sendar-mottakar er i nokre tilfelle eit laust påhengt

element (MTkr I.101, MTkr I.107, MTkr IV.99), andre stader meir integrert (MTkr

I.116, MTkr II.97, MTkr III.54, MTkr III.105), atter andre stader kan den dukka opp i

ein sekvens og så forsvinna (MTkr II.41, MTkr IV.82). I ein klasse for seg kjem MTkr

I.171 som har form av to brev, det eine omfattande det andre, som ei kinesisk øskje.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!