23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KOMMUNIKATIV FUNKSJON INNSKRIVEN I TEKSTEN 117

(2) Brevet konstituerer mottakaren ("the letter actually constitutes its narratee"

(152). Dette er eit generelt fenomen ved tekst og skrift, men spesielt for brevet er at

mottakaren rommar fleire funksjonar samanlikna med andre slags tekstar ("the

narratee in the letter incorporates several features which differentiate it from the

form of narratee assumed in other texts", 152). Det har for det første ein meir

spesifikk mottakar, og for det andre er mottakaren staden for ei rekke kompetansar.

Nærmare bestemt er mottakaren i brev relatert til mottakaren utanfor teksten, som til

tross for at den teoretisk er skild frå mottakaren slik denne er innskriven i teksten,

like fullt er relevant for beskriving av den lesarrolla teksten definerer. I brev vil den

kompetanse teksten krev av lesaren ofte falla saman med kompetansen til den

verkelege adressaten. I ytterleggåande tilfelle vil det bare vera éin historisk lesar som

har førestnader for å forstå brevet. Mottakaren er såleis både meir konkret og

samstundes meir tvetydig (samanlikna med andre tekstar); han er både ein tekstleg

figurasjon, samstundes som det er referanse til utanomtekstleg nærvere som ikkje

kan reduserast til summen av inskripsjonar i teksten.

Dette forholdet nyanserer Violi ved hjelp av begrepet ideallesar ("Model

Reader"/ "Ideal Reader") som gjer greie for "the sum of competencies necessary for an

adequate comprehension of the text". Ideallesaren er - med ei formulering frå

Umberto Eco - "a sum of the strategies inscribed in the text", eller - slik Charles

Fillmore formulerer det - "an abstraction derived from the operations each reader

completes to understand a text" (Violi 1985, 158). Slik kompetanse kan vanlegvis

avleiast frå teksten sjølv, eller frå generell encyklopedisk kompetanse innanfor eit

språksamfunn eller ein kultur. I brevet derimot krevst encyklopedisk kompetanse

som er idiolektisk, dvs. "information available to only the real addressee of the letter"

(158). I så fall refererer kategorien ideallesar ikkje til ein open klasse av verkelege

lesarar, men fell saman med bare éin lesar ("single reader"), som også er den

empiriske lesaren ("empirical addressee") (Violi gir eit eksempel: "As far as what was

worriyng you is concerned everything went as you planned", 158). Viss ein nyttar

slik idiolektisk kompetanse som kriterium, får ein eit register med to ytterpunkt: (1)

Ideallesaren fell saman med bare den verkelege adressaten, (2) ideallesaren fell

saman med både den verkelege addressaten og ein open klasse andre reelle lesarar.

Her ser Violi eit mogleg første kriterium for ein brevtypologi, nærmare bestemt eit

register for informasjonen i teksten: den kan vera meir og mindre open/ skjult, i kraft

av innrettinga mot ein spesifikk mottakar. (At den informasjonen ein tekst gir, er

meir og mindre open/ skjult, er samstundes eit generelt fenomen som kan beskrivast

på forskjellige måtar, som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!