23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

110 KAP. 3

konstruksjonen skal bli symmetrisk, og det dreiar seg om konstruksjonar som grip

over store tekstflater, som bl.a. går ut over setningsnivå (Hauberg Mortensen 1995,

særleg 276-83). Når eg forsøker å sjå slik språkpynt som ein mangel, vil eg

samstundes minna om den tvil som meldte seg hos Chr. Rantzau overfor dei

manglane han i si tid fann ved verset i Peder Paars: Kunne ikkje forfattaren betre, eller

var dette simulert? Slik tvil gjer teksten synleg og aktualiserer den som estetisk

objekt. Straks tvilen melder seg, får teksten litterære kvalitetar, minus blir til pluss,

ein språkleg stereotypi blir til eit betydningskonstituerande element.

MTkr IV. 82

Eg skal kort visa til MTkr IV. 82 som illustrerande eksempel. Her finn ein

samanlikningar brukte på ulike måtar. F. eks. blir påstanden om at "en Hofmand"

ikkje er til å stola på, underbygd slik:

Thi en Hofmand er i dag en Konge, i morgen en Kat. Han er som en Champignon, der

opvoxer paa en Nat, og forgaaer lige saa snart igien som den voxer; saa at den synes

ofte at fødes alleene for at døe. (MTkr IV. 82, 328-29.)

Her passar kriteria til Billeskov Jansen: samanlikninga gjer tanken klar og konkret. I

dette tilfellet er konkretiseringa eit avgjerande viktig element; den satiriske

forminskinga - å gjera mennesket mindre enn det er, dvs. som eit dyr eller ein plante,

eller som daude ting - står og fell med konkretiseringa.

Men stykket har fleire samanlikningar, og desse er av eit anna slag. Dei er

store og utførlege, dvs. med alle ledda i samanlikninga representerte (antopodosis).

Ifølgje stilhistorikaren Ulla Albeck finst denne typen helst bare i høgtideleg og stiv

prosa, og ho refererer til Holbergs lærde prosa som eksempel, det vil bl.a. seia MTkr.

Den samanlikningsfiguren som det her er tale om, blir gjennomgåande brukt i

MTkr IV. 82: Liksom mennesket er den merkelegaste av alle skapningar, er

hoffmannen det merkelegaste av alle menneske. Her er tre eksempel; det siste

rommar figuren i to variantar, først i Janus-jamføringa, deretter i "Geometra"-

jamføringa ("saa at en Geometra haver mindre Møje at afpasse et Landkort, end han

haver i at afpasse sit Legeme og sine Klæder").

*…+ og ligesom visse ubehændige Skildere have maat ved Titler give tilkiende deres

Skilderiers Betydning, og sat over hvert Stykke: Dette er et Træe, et Menneske, et Bierg,

en Kat; saa maa ogsaa udi en Hofmands Afridsning ved en Titel og Overskrift

tilkiende gives, hvad man haver taget sig for at afridse (MTkr IV.82, 326).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!