23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2 KAP. 1

Frå narrasjon til refleksjon

I forfattarskapens kronologi plasserer denne prosaen seg i forlenging av dei mange og til

dels omfattande historiografiske verka som Holberg skreiv på 1730-talet og litt inn på

1740-talet. Det er glidande overgang mellom denne historiografiske og narrative fasen og

den påfølgjande reflekterande. Som historikar er Holberg reflekterande; ein generell

tendens er at han knyter den historiske beretninga til eit resonnement. Og sett frå den

andre sida er hans essay fulle av historiske beretningar. Forutan eit slikt generelt slektskap

mellom historiografi og reflekterande prosa, er det særleg tre stader der overgangen

mellom narrasjon og refleksjon er merkbar.

(1) Sammenlignende Helte-Historier frå 1739 inneheld ei rekke biografiar ordna i par.

Modellen hentar Holberg hos Plutark som skreiv ei mengd tekstar av dette slaget. Til

skilnad frå sitt greske førebilete har Holberg foran kvart biografert par ei innleiing som i

generelle vendingar drøftar eit spørsmål som vedkjem dei omtalte personane (f. eks. om

årsakene til framvekst og nedgang i store monarki). Desse refleksjonane har i det store og

heile eit historiografisk innhald . I oppfølgjingsverket Sammenlignende Heltinde-Historier frå

1745 er derimot innleiingane meir lausrivne frå det historiske stoffet og drøftinga får

dermed karakter av frittståande moralfilosofi.

(2) Niels Klims reise til den underjordiske verden blei først utgitt på latin under tittelen

Nicolai Klimii iter subterraneum, 1741. Tilsynelatande er det bare ei reiseberetning, om

klokkaren frå Korskirken i Bergen som ramlar ned i eit hol i Fløyfjellet, fer gjennom

jordskorpa og ned på ein planet i jordas indre. Her møter han framande folk og framande

skikkar. Det som skjer frå episode til episode, er ikkje særleg motivert internt i forteljinga.

Den styrande fornuft i historia er - enkelt sagt - at Niels er på reise, opplever nye ting og

blir forbausa over det han møter. Her er eit fast mønster - Niels stilt overfor det framande

- som gjer boka til moralfilosofisk drøfting i form av reiseberetning. Det som blir drøfta, er

det eine og det andre og det tredje og det fjerde; emnelista er omtrent like lang og

innhaldsrik som den ein finn i MTkr.

(3) Dei tre latinske levnetsbreva, med fellestittel Ad virvm perillvstrem, er i det ytre

ein sjølvbiografi, skriven i fleire vendingar, som ein slags følgjetong; Epistola prima (Epist I)

frå 1728, Epistola secvnda (Epist II) frå 1737 og Epistola tertia (Epist III) frå 1743. Men ved

nærmare ettersyn er sjølvbiografi-forma bare ein ytre ferniss. Rett nok lar det seg gjera å

lesa i det minste første band, Epist I, som sjølvbiografi. Den resterande delen, særleg Epist

III, er langt meir problematisk i så måte. Biografien må vika for presentering av

forfattarskapen, for jamføringar av ei rekke europeiske nasjonar, og endeleg for eit knippe

på seks essays under tittelen "Prøve paa et moralsk system" ("Specimen qvoddam

Systematis Morales"). Året etter (1744) finn ein att desse seks stykka i dansk omsetting - i

tillegg til nokre små endringar - i MTkr. Dette inneber

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!