23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

FIGUR 109

Særleg det siste tilfellet har eit innhald som appellerer til sansane; ein ser for seg den

blinde som famlar seg fram.

Viss innhaldet i samanlikninga derimot blir henta frå menneskelege relasjonar,

blir samanlikninga utydeleg og dermed også mindre verknadsfull. F.eks.: Det er

dårleg å forsøka å klara ei sak utan å studera den til botnar; det er (her kjem

samanlikningleddet) som om eigaren ville kontrollera ein forvaltar bare ved å sjå på

sluttsummen i rekneskapen og ikkje på dei enkelte postane (Holberg Epigrammer

IV.113; Jansen 1938-39, I, 101).

Samanlikninga hos Holberg er ifølgje Billeskov klar og konkret; den tydeleggjer

ein tanke og den påkallar ei sansemessig erfaring. Det er semantiske - meir enn

ornamentale - aspekt som blir aktualiserte.

Ein slik konklusjon er etter mitt syn dekkande for samanlikninga også i

Holberg-essayet. Den er derimot ikkje dekkande for figuren i eit meir generelt

perspektiv. Eit meir overskodande blikk gir tvert imot grunn til å stilla beskrivinga til

Billeskov "på hovudet"; det Billeskov gir som eksempel på dårlege samanlikningar -

det tomme verbalpoenget til Owen, den mislykka jamføringa til Holberg - kan seiast

å vera nettopp noko for tanken, ikkje tydeleggjerande ein allereie tenkt tanke, men

produserande nye tankar hos lesarane. Figuren er produktiv i den grad den er

vertikal, i den grad den motverkar ein klar og tydeleg tanke.

Ordstillings- og setningsfigurar

Holberg pyntar språket også med ordstillings- og setningsfigurar og gir på den

måten prosaen symmetri, musikalitet. Dette skal eg ikkje gå nærmare inn på her. Eg

kjem tilbake til spørsmålet i kapitlet om enkel stil, likeeins i kapitlet om kiasmen.

Inntil vidare må eg nøya meg med generelle tilvisingar til særleg to undersøkingar:

Hagedorn Thomsen 1984, kap. 4 og Hauberg Mortensen 1995.

Til tross for at språkpynt på eitt nivå må oppfattast som uttrykk for overskot

og kontroll, kan den også seiast å vera manifestasjon av det ein kan kalla fattigdom.

Det som får ein på slike tankar i tilfellet Holberg, er tendensen til å la den minste

påstand gå vegen om f. eks. antitesen eller den parvise oppstillinga, med tilhøyrande

syntaktisk og rytmisk balanse. Finn Hauberg Mortensen dokumenterer korleis

Holberg til tross for at han tar omsyn til at språket skal vera syntaktisk korrekt og

semantisk klart, prioriterer ein symmetrisk konstruksjon av setningar og ledd. Dette

skaper redundans; ord, uttrykk, setningar bli føyde til som fyllekalk, primært av

omsyn til at

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!