23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

108 KAP. 3

Samanlikning

Billeskov Jansen har eit eige avsnitt om biletstil i første del av avhandlinga si (Jansen

1938-39, I, 94-107). Sjølve analysen avgrensar seg til epigramma; likevel har den -

ifølgje Billeskov - "en vis Almengyldighed" (95) og kan såleis tena som

orienteringspunkt også for omtale av figur i Holbergs reflekterande prosa.

Ifølgje Billeskov er samanlikninga hos Holberg ikkje ytre pynt, den er

underordna ein idé og blir brukt som argument. Dette gjer han greie for i ei

jamføring med den engelske latinforfattaren John Owen, som er det viktigaste

førebiletet for Holberg som epigrammatikar. Owen lærer Holberg å bruka

samanlikninga epigrammatisk, men det er likevel betydeleg skilnad mellom lærar og

elev i dette tilfellet. Der Holberg har tanke, idé, argument, har Owen ikkje stort meir

enn eit verbalpoeng. Verbalpoenget er biletskapande, men ofte utan meining og

innhald, seier Billeskov. I enkelte tilfelle kan det gi epigrammet god satirisk verknad,

f. eks. der Owen speler på ordparet magnat-magnet (idéen blir gjenbrukt hos

Holberg i Epigrammer IV.85, (jfr. MTkr IV.82):

Stor Kraft har en Magnet; dog maa den staa tilbage

For en Magnat; hin Jern, men denne Guld kan drage.

Men elles er verbalpoenga til Owen ofte tomme og banale, eller kunstferdige på søkt

vis. Billeskov parafraserer som eksempel Owens epigram IV.42: "'Mobilitas' er

Himlens fornemste Egenskab, 'Constantia' Jordens; derfor synes din Pige dig saa

himmelsk og uden al Jordiskhed" (Jansen 1938-39, I, 105). I motsetnad til slik tomhet

eller kunstferdighet er det hos Holberg alltid noko for tanken. Holberg er langt meir

energisk og uthaldande i sin biletstil, han er aktiv og intellektuell. Holberg "iklæder en

Tanke Billedets anskuelige Form eller laaner Tanken med Billedet" (106).

Samanlikninga er tydeleggjerande først og fremst gjennom konkretisering,

dvs. ved å henta sitt innhald frå natur (jord, himmel, planter, dyr) eller enkle livlause

gjenstandar (f. eks. musikkinstrument). Fordi innhaldet i samanlikningsleddet i slike

tilfelle er enkelt, blir teksten klar i førestilling og perspektiv. To eks.:

"*…+ et Menneskes Constitution er *…+ ligesom det u-bekiendte Sydlige Land, hvis

Kuster vi end ikke kiende" (Holberg Epigrammer III.87, 7-8; Jansen 1938-39, I, 101).

"Vi maa leve Livet saa forsigtigt, som de Blinde, der føler sig frem Skridt for Skridt"

(Holberg Epigrammer IV.142 og I.100; Jansen 1938-39, I, 102).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!