23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

104 KAP. 3

han [Holberg] stadig tager op igjen", seier Olaf Skavlan (Skavlan 1872, 82-83). Og

med ein slik generell karakteristikk er ganske mye sagt. Holberg bruker dei same

bileta om og om igjen; det dreiar seg stort sett om slitte eller såkalla daude metaforar,

eit fast inventar av faste vendingar. Forstått på denne måten indikerer

karakteristikken til Skavlan det som andre kanskje har gitt meir tydeleg uttrykk for,

nemleg at prosaen til Holberg har begrensa ordforråd og stereotypt språk. (Skautrup

1944-70, III, 39-40; Skautrup tar eit visst atterhald. For det første gjeld påstandane

ikkje for komedien, for det andre uttaler han seg på grunnlag av eit generelt inntrykk

og ikkje ei empirisk undersøking.) På dette grunnlaget kan ein seia at metaforane

viser fram språket i sin monotoni og fattigdom, og dei gir - isolert sett - bare minimal

kjensle av figur; lesaren fornemmar ikkje eit virtuelt teikn bak det reelle, heller ingen

tvetydighet eller vertikalitet i teksten.

Eksempel og samanlikning

Noko liknande kan seiast om eksempel og samanlikning. Men eksempel og

samanlikning gir også høve til å sondra mellom eintydighet og tvitydighet, mellom

horisontalitet og vertikalitet i denne prosaen. Dette skal eg gjera litt meir detaljert

greie for. Det eg skriv om eksempel, er resultat av eiga undersøking. Det eg skriv om

samanlikning, tar utgangspunkt i ei undersøking av Billeskov Jansen.

Eksempel i MTkr

Eksemplet er eit sentralt element i Holberg-essayet. Den følgjande omtalen gjeld bare

MTkr, der det bare er eit fåtall av stykka som ikkje har eit eller fleire innslag av

eksempel. Forutan "Forberedelse" og "Fortale" gjeld dette følgjande stykke: MTkr

I.84, MTkr I.104, MTkr I.164, MTkr I.171, MTkr I.143, MTkr III.40, MTkr III.68, MTkr

III.91. (Fleire av desse har til gjengjeld mange samanlikningar.)

Det er ei stor gruppe tekstar som har bare eitt eller eit par innslag av

eksempel. (Bare eitt innslag finn ein i MTkr II.90, MTkr II.94, MTkr II.96, MTkr III.6,

MTkr III.46; lista er ikkje uttømmande). Andre har fleire, nokre er fylte til randen (f.

eks. MTkr III.142).

Eksempel-historiene varierer i utforming, mellom heil historie på den eine sida

og elliptiske former på den andre sida. MTkr III.142 er sjeldan i kraft av å innehalda

ein fullstendig fabel (316.26-317.24). I andre enden av skalaen finn ein historier som

ikkje inneheld stort meir enn eit namn, dvs. som er påminningar meir enn framførte

forteljingar. "Lad en Aristides tale imod U-retfærdighed, en Epictetus mod U-

taalmodighed, en Diogenes mod Vellyst *…+" (MTkr I.82, 59).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!