23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FIGUR 103

moderne biletorientert estetikk inneber. Ei slik tilbakevending vil vera eit framskritt.

Så kan ein spørja: Vil ikkje ein redusert retorikk, med eit figur-begrep tilpassa

eit litterært tilfang og med ei orientering mot sansemessig erfaring og semantisk

konsentrasjon, vil ikkje ein slik retorikk lett oversjå litterariteten i tekstar frå tidlegare

tider, og med ei anna orientering? Problemet blir særleg aktuelt overfor tekstar som

plasserer seg i grenselandet mellom litteratur og filosofi.

Figur hos Holberg

Drøftinga av figurbegrepet hos Genette førte bl.a. fram til spørsmål om ikkje ei

litterær orientering som ein finn i nyretorikken, dvs. med ei innretning mot det

sansbare, gir ein for snever kategori når ein står overfor tekstar som er litterære meir

i kraft av ei intellektuell enn ei sansemessig motivering av figuren. Spørsmålet er

aktuelt også for Holberg-essayet. Vil ein ikkje også her finna kvalitetar som eit

moderne, litterært orientert figur-begrep overser?

I den grad figuren er eit essensielt trekk ved Holbergs reflekterande prosa, må

denne prosaen også romma dei essensielle trekka ved figuren, slik Genette gjer greie

for dei. Dvs. at ei kjensle av form gjer seg gjeldande, ei kjensle av eit virtuelt teikn

bak det reelle; denne kjensla er svimlande, vertikal, og den openberrer rolla til

forfattaren eller kritikaren som eit val mellom to oppgåver som eigentleg er éi og den

same: å skriva, å teia.

I den grad dette skjer i Holberg-essayet, er det i kraft av figura meir enn

pictura, nærmare bestemt ein intellektuell meir enn ein sansemessig motivert figur,

og vidare i kraft av tankefigur, dvs. ei simulert haldning.

Med dette er det viktigaste sagt om figur i Holberg-essayet. Påstandane blir

utdjupa i dei tre hovudkapitla om brev, enkel stil og paradoks. Som innleiing til

desse spesifiserande nedslaga vil eg i den resterande delen av dette kapitlet på meir

sonderande og kortfatta vis sjå figuren hos Holberg i meir generelt perspektiv.

Metafor

Holberg-essayet inneheld også figurar som påkallar ei sansemessig erfaring.

Metaforikken er ofte konkret. Men til tross for at det er mange tilfelle av dette, er det

mogleg å gjera kortfatta og generelt greie for fenomenet. Det "At tage Skyggen for

Legemet, Skinnet for Virkeligheden, Barken for Indholdet er Billeder, som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!