23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

102 KAP. 3

spesiell del av metonymi (kontiguitet). Denne reduksjonen blandar saman forholdet

mellom del og heilskap med forholdet mellom del og resterande delar . Rett nok kan det

i gitte samanhengar vera mogleg å lesa eitt og same uttrykk på begge måtar, dvs. sjå

uttrykket som både metonymisk nærleiksorientert og synekdokisk

inklusjonsorientert. F. eks. kan ein i uttrykket "krone" (for monark) sjå krona både

som knytt til og del av monarken, dvs. som metonymi og synekdoke. Men at det er

mogleg å lesa uttrykket på to måtar, betyr ikkje at desse to måtane er eitt og det

same. Samanslåinga av synekdoke og metonymi reduserer vidare metonymi til bare éin

type nærleik, og stengjer andre nærleiksrelasjonar - kausalitet, tid, funksjon - ute.

Tydingsfeltet for metonymi og synekdoke blir såleis avgrensa til bare romlege forhold;

tendensielt blir såleis bare dei fysisk-materielle eller sansbare aspekta ved dei

opprinnelege tropane aktualiserte. (Genette 1972, 25-28; 1982, 107-10.)

Artikkelen "La rhétorique restreinte" er altså kritisk overfor to tendensar i den

nye interessa for retorikk pr. 1970. Den eine er manglande presisjon i begrepsbruken,

den andre er reduksjonisme. I konklusjonen seier Genette at det ikkje er hans ønske

at litteraturvitskapen eller diktinga skal gi avkall på metaforen, men han åtvarer mot

ein metaforteori som erstatning for ein generell retorikk; ein generell retorikk vil

omfatta ein semiotikk for alle - ikkje bare nokre - diskursar.

Motsetnaden mellom dei to artiklane reflekterer debatten om kva forholdet er

mellom diktekunst og biletkunst. Ut pictura poesis (som biletet så poesien) heiter det

ein stad hos Horats, og desse orda har ettertida brukt som merkelapp på ei

oppfatning av litteratur som prinsipielt lik biletkunst. Andre har - i tradisjonen etter

Du Bos og Lessing - forsøkt å gjera greie for kva som er spesifikt for kvar av dei to

uttrykksformene (noko som nødvendigvis ikkje inneber ei fornekting av likskap

mellom dei). Hos Genette blir denne debatten reflektert i form av eit spesifikt og eit

generelt figurbegrep. Det som er sams horisont i dei to artiklane, er oppfatninga av

figur som kjensle av form, ei kjensle som antyder ei meining bortanfor orda. Dette er

figurens måte å tenka på. Det som er den vesentlege skilnaden mellom artiklane, er

skilnaden mellom pictura og figura. Ved at artikkelen frå 1964 peiker ut figurens

vesen som ein sansemessig omveg, ei sansemessig motivering av teiknet, er den

orientert mot pictura, dvs. ei oppfatning som ser diktinga lik biletet. Artikkelen frå

1970 reserverer seg mot ein slik horisont; den avgrensar figura frå pictura; figur er

omveg, men ikkje nødvendigvis ein sansemessig omveg. Og den konkluderer med å

tilrå ei tilbakevending til antikken som botemiddel mot den innsnevringa som ein

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!