23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

100 KAP. 3

Når eg seier segl for skip, denoterer eg skipet, men samstundes konnoterer eg

motiveringa ved detaljen, den sansemessige omvegen som er innprenta i betydninga,

og dermed ein viss syns- eller intensjonsmodalitet. Denne sansemessige modaliteten

er for retorikken det særeigne ved poetiske uttrykk. (Genette 1966, 219; 1991, 182.)

I "La rhétorique restreinte" frå 1970 blir figuren som motivert teikn plassert innanfor

eit klart breiare register, der ein sansemessig omveg bare kan reknast som ein

spesifisert variant av figuren. Genette ser retorikkhistoria som historia om ei generell

innsnevring. Dette skjer i to trinn, først overgangen frå generell til figurorientert

retorikk, frå "historie" til system (slik som skissert ovanfor), deretter innsnevring av

det semantiske feltet for figuren. Det er det andre trinnet Genette utforskar nærmare,

og han legg særleg vekt på to forklaringsfaktorar.

Den eine er at eit forenkla system av tropar blir gjort til referanseramme for

figurlæra som heilskap, for retorikken som heilskap. Dette kan førast tilbake til den

franske hugenotten Petrus Ramus frå midten av 1500-talet. Ramus omdefinerte

forholdet mellom faga i trivium (retorikk, dialektikk, grammatikk) slik at retorikken

blei redusert til stil (elocutio) og framføring (actio). Stillæra var ordna etter eit enkelt

todelingsprinsipp, først med eit skilje mellom tropar og figurar. Tropane blei delte i

to hovudkategoriar, den eine omfattande del-heilskap-relasjonar (metonymi og

synekdoke), den andre omfattande relasjonar mellom delar (metafor og ironi). Dette

gav eit system med fire hovudtropar, dei såkalla meistertropar. Figurlæra var meir

omfattande, men også den systematisert i enkle dikotomiar. Denne stillæra var ei

nyskaping som fekk gjennomslag ikkje minst p.g.a. si enkle og oversiktlege form,

langt meir oversiktleg som den var enn f. eks. dei store avhandlingane til Cicero og

Quintilian. (Conley 1990, 131.)

Den andre forklaringsfaktoren som Genette legg vekt på, er at tilfanget og

eksempla i aukande grad blir henta frå eit litterært korpus, slik at retorikkstudiet

etter kvart i hovudsak kom til å dreia seg om ordforrådet i poesien, "la lexis poétique"

(Genette 1972, 22; 1982, 104). Den generelle påstanden er at denne orienteringa

inneber ei innsnevring av det semantiske feltet for figuren. Den får i høgare grad enn

tidlegare ei innretning mot det konkrete, og mot ei sansemessig erfaring.

Genette undersøker siste stadium av denne utviklinga, frå klassisistisk

retorikk til nyretorikk. Han avgrensar seg til fransk tradisjon, nærmare bestemt

utviklinga frå César Dumarsais (1730) til Gruppe m (ca. 1970). Denne nyretoriske

tradisjonen klassifiserer figurane på grunnlag av dei såkalla meistertropane slik

desse var definerte i ramismen, dvs. etter eit logisk prinsipp som gir ei firdeling:

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!