23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kap. 1

Innleiing

Holbergs reflekterande prosa

Til Holbergs reflekterande prosa reknar ein først og fremst Moralske Tanker frå 1744 (MTkr)

og Epistler frå 1748-54 (Ep), og så kan ein føya til innleiingane til dei parvise biografiane i

Sammenlignende Helte-Historier frå 1739 og Sammenlignende Heltinde-Historier frå 1745. MTkr

inneheld 63 stykke forutan "Fortale" og "Forberedelse". Ep inneheld ca. 540 stykke samt

"Fortale". Innleiingane i helte- og heltinnehistoriene er til saman 23 i talet. (Jansen 1938-39,

II, 35.)

Moralske Tanker

Kvart av stykka i MTkr er ei utlegging av ein sentens, oftast i form av dissertasjon, i nokre

få tilfelle i brevform. Sentensen står som overskrift og er på latin. Den er henta frå

forfattarens eigne latinske epigram som kom ut først i fem bøker 1737, utvida til seks

bøker i 1743 og endeleg til sju bøker i 1749 (Ehrencron-Müller 1933, X, 248-50 og 456). I

kvar av bøkene var epigramma ordna med nummerering. Dette systemet blir overført til

MTkr og fungerer der som overskrifter eller kjennemerke; over kvart stykke er det

tilvising til bok ("Libr.") og epigram ("Epigr") i Epigrammer, f. eks. vil overskrifta "Libr. I.

Epigr. 117" i MTkr visa til tilsvarande stad i Epigrammer. Etter denne tilvisinga blir det

latinske epigrammet gjengitt i sin heilskap eller i utdrag.

Epistler

Holberg gav sjølv ut sine Epistler i fire band eller Tomer, første og andre Tome i 1748,

tredje og fjerde i 1750. I tillegg utkom eit femte band posthumt i 1754. Tekstane er ordna

med fortløpande nummerering (f. eks. "Epistola CDXLIV."). Kvar tekst er på rudimentært

vis utforma som brev, med innleiings- og sluttformular og med referanse til ein

kommunikasjonssituasjon. Men brevforma verkar påklistra og er sjeldan i nærleiken av å

gi illusjon om verkeleg korrespondanse.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!