23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FIGUR 97

kan vel ikkje figuren vera avvik frå daglegtalen, men må vel heller reknast som eit

både normalt og daglegdags fenomen? Fontanier løyser knuten ved å skilja mellom

enkelt og daglegdags; figuren kan vera daglegdags, men aldri enkel. Den utgjer alltid

ein omveg, der noko står i staden for noko anna, og dette skaper ei kjensle av eit

virtuelt teikn bak det reelle. (Genette 1966, 210-11; 1991, 175-76.)

For det andre ei avgrensing vis-à-vis katakresen. Frå antikken kjenner me

tanken om at figuren (særleg metaforen) finn ord for det som det ikkje finst ord for,

at den såleis bøter på manglar ved språket. Den tradisjonelle tropedefinisjonen - å

bruka eit ord/uttrykk med ei anna tyding enn den vanlege - kan nok samsvara med

ei slik førestilling. Men katakresen står likevel ikkje substitusjonsprøva; katakresen

kan ikkje reknast som figur av den enkle grunn at den ikkje kan tilbakeførast til eit

anna uttrykk - eit virtuelt teikn - som den står i staden for. Derfor kan den heller

ikkje ha figurens form som bare kan bli skapt av rommet mellom det reelle og det

virtuelle teiknet. (Genette 1966, 212-13; 1991, 177.)

For det tredje som avgrensing vis-à-vis innhald. Det er her ein kan sjå korleis

Fontanier/Genette aktualiserer antikkens vurdering av simulering som kvalitet ved

figuren. Generelt i antikk retorikk blir tankefigur definert som ei eller anna form for

simulering, og i kraft av det også vurdert som optimal variant av figuren:

*…+ but the figure which was then regarded as the most important and seemed before

all others to merit the name of figure was the hidden allusion in its diverse forms.

Roman orators had developed a refined technique of expressing or insinuating

something without saying it *…+. The art of the hinting, insinuating, obscuring

circumlocution, calculated to ornament a statement or to make it more forceful or

mordant, had achieved a versatility and perfection that strike us as strange if not

absurd. These turns of speech were called figurae. (Auerbach 1959, 26-7.)

Det er også tendensar til at tilgjersle blir gjort til kriterium for alle figurar (og altså

ikkje bare tankefigurar). Zoïlus (4. årh. f. Kr.) avgrensar såleis schema (som er det

greske ordet for figur) til tilfelle der ein seier eller føregir éin ting, men meiner noko

anna. Quintilian drøftar spørsmålet og avviser ein så snever kategori. Ifølgje han

dekker begrepet til Zoïlus bare ei gruppe av figurar. (Inst. or. IX.i.14 og IX.ii.65.) Men

også Quintilian gir - sterkt inspirert av Cicero - simulering mye vekt når han

definerer tankefigurar som avvik frå direkte eller oppriktig uttrykksmåte (Cicero

Orator 39.134-41.139; Quint. Inst. or. IX.i.26-36 og IX.ii.1). Han avviser at tankefiguren

skal vera det same som ei eller anna kjensle som kjem til uttrykk: sorg, sinne,

medkjensle, frykt, tillit, forakt osv. Tankefiguren er heller å

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!