23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

96 KAP. 3

Meininga i ein figur er ikkje gitt gjennom dei orda figuren er samansett av, fordi

meininga kviler på ei kløft mellom desse orda og dei som lesaren førestiller seg

bortanfor, "i ei stadig overskriding av den skrivne gjenstanden" (Genette 1966, 216;

1991, 180).

Med ei slik beskriving står Genette med éin fot i moderne lingvistikk og éin i klassisk

retorikk. Forankringa i lingvistikk kjem til syne ved den relasjonelle bestemminga av

figuren. Genette overfører - på strukturalistisk vis - teorien om teiknet frå lingvistisk

til translingvistisk nivå når han avgrensar figuren som element i eit system. Eit slikt

system finn han i klassisk retorikk. Han viser til fleire namn frå den klassisistiske

perioden (Genette 1966, 206 note 1; 1991, 172 note 3), særleg til franskmannen Pierre

Fontanier og hans to avhandlingar frå tidleg på 1800-talet. Desse representerer for

Genette ein variant av retorikken, som det er mogleg å førestilla seg som tufta på

same grunnlag som lingvistikken.

Det er vanleg å sjå retorikkhistoria under eitt som ei utvikling frå "historie" til

system, dvs. frå historie forstått som eit metodisk forløp for danninga av den enkelte

eleven og for utarbeidinga av den enkelte teksten, og til noko som meir har karakter

av eit semiotisk system (Varga 1983, 84-86). Denne brytninga er nok mest

iaugnefallande i renessansen, der ein finn tradisjonelle læreverk, disponerte meir

eller mindre etter førebuingsstadia for talen (inventio, dispositio, elocutio, memoria,

actio) ved sida av avhandlingar som gir ei meir systematisk disponering av stoffet,

dvs. ordna som menylister, som val mellom uttrykkselement. Denne nyutviklinga ser

ein bl.a. hos Petrus Ramus og Omar Talon i Frankrike og hos dei såkalla figuristane i

England, bl.a. Henry Peacham og George Puttenham (Fafner 1982, 195-96).

Hos Fontanier finn Genette denne utviklinga i mest mogleg fullbyrda form.

For Fontanier er retorikk meir eller mindre det same som éi samling figurar. Sjølv om

det opprinneleg var to lærebøker Fontanier skreiv, éi om figurar som er tropar, og éi

om figurar som ikkje er tropar, la han vekt på at dei to delane skulle utgjera ein

heilskap. Og det er denne heilskapsidéen Genette gjorde til røyndom då han i 1968

gav ut alt saman som éi bok, under tittelen Les Figures du Discours. For såvel

Fontanier som for Genette står det klart at det er figur-kategorien som samlar

retorikken til ein systematisk heilskap. Og det einaste kriteriet som blir lagt til grunn,

er utskifting, basert på idéen om at språket har eit anna ord for den same tanken.

(Fontaner 1968, 63.)

Dette kriteriet presiserer figuren, på tre måtar. For det første i forhold til

antikkens oppfatning av figur som avvik i forhold til daglegtalen. Denne såkalla

deviasjonsteorien inneheld ein apori: Daglegspråket er jo fullt av figurar, og då

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!