23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kap. 3

Figur

Figurbegrepet

Figurbegrepet er mangfaldig og har som retorisk og litterær term ei lang og

mangslungen historie. Men i dette mangfaldet vil ein likevel finna eit konstant og

gjennomgåande trekk: Figur er omskriving. Her er eit perspektiv - omfattande både

mangfald og einskap - som Gérard Genette utnyttar konstruktivt i eit knippe artiklar

frå 60-talet (og litt inn på 70-talet) 1 . Sett under eitt gir dette tilfanget ei verdifull

nyansering og problematisering av såvel figur- som litteraturbegrepet. Dette skal eg

forsøka å gjera greie for i det følgjande, der ei jamføring mellom to av desse artiklane

vil stå sentralt, nemleg "Figures" (frå 1964) og "La rhétorique restreinte" (frå 1970). 2

Artikkelen frå 1964 har særleg tre karakteristiske trekk. For det første ei

utprega strukturalistisk orientering, som bl.a. inneber at utskifting blir gjort til

absolutt kriterium. For det andre inneber den konsekvente bruken av dette kriteriet

at også eit anna kriterium blir aktualisert: simulering. For det tredje får begrepet ei

særleg innretning mot eit litterært språk.

Genette taler om figur når eit teikn står i staden for eit anna. Figuren er

resultat av ei utskifting, og tydinga finn ein i kløfta - eller overflata eller rommet -

mellom dei to teikna, mellom det reelle og nærverande teiknet og det virtuelle og

fråverande teiknet. Forma til figuren er alltid bestemt av forholdet mellom det

nærverande og det fråverande, mellom teiknet og meininga, mellom uttrykket og

innhaldet, eller mellom signifikantens linje og signifikatets linje ("som sjølvsagt berre

er ein annan signifikant presentert som den bokstavlege"; Genette 1966, 207; 1991,

173). Det er like mange figurar som det finst slike rom.

1 "Structuralisme et critique littéraire", L'envers des signes", "Figures", "Raisons de la critique

pure", "Langage poétique, poétique du langage", "La rhétorique restreinte" (Genette 1966, 1969 og

1972). Eg les tekstane i omsetjing (Genette 1970, 1982 og 1991). Tilvisingane til Genette oppgir først

sidetal i franskspråkleg utgåve, deretter i dansk, engelsk eller norsk omsetjing.

2 Den følgjande utgreiinga overlappar delvis med mitt vitskapsteoretiske innlegg

"Figurbegrepet hos Gérard Genette", Bergen 26. mai 1999.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!