23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

94 KAP. 2

til å gjera greie for tekstlege grep som er tvetydige. Å knyta det epideiktiske til

metaspråk, slik Richard Lockwood gjer, er ikkje ei drastisk innsnevring; metaspråk

kan komma til uttrykk på varierande vis, og derfor vil avgrensinga til Lockwood

neppe rokka særleg ved epideiktisk som open kategori.

Det som eg finn særleg inspirerande hos Lockwood, er at han knyter epideiksis

til figur-kategorien og gjennom det set ord på ein retorisk funksjon, korleis lesarrolla

blir definert. Med begrepet lesarens figur legg han - som Aristoteles -

kommunikasjonsfunksjonen (lesarens rolle) til grunn som kriterium, men

samstundes blir denne funksjonen - i motsetnad til hos Aristoteles - forstått ikkje på

eintydig vis, ikkje klart atskilt frå andre funksjonar, men som dobbelpunkt, som

tvetydig funksjon.

Også i Holberg-essayet kan elementet av framsyning forklarast som figur. Den

resterande delen av denne avhandlinga går ut på å underbygga og konkretisera ein

slik påstand. Det første kravet som melder seg, er ei nærmare avklaring av sjølve

figur-begrepet, og på kva måte dette er relevant for Holberg-essayet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!