23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kap. 2.4

Konklusjon

Til tross for at Holberg som forfattar er orientert mot tradisjonen og utelukkande

skriv i klassiske sjangrar, til tross for at han kan gi uttrykk for klassisistiske

haldningar når han uttaler seg om litteratur, og til tross for at Holberg-litteraturen

for ein del ser han som klassisist, er det alvorlege problem knytt til ein slik horisont.

Klassisisme, definert ved idealitet, er ein repressiv idé og det er dét som gjer

begrepet problematisk - og interessant - i vår samanheng. Idealet om idealitet

inneber ei fornekting av tekstens "påtakleghet", dvs. den umiddelbare overflata, dvs.

ei fornekting av tekstens vesen som er ikkje å peika mot ei samlande idé, men ut i eit

sprikande mangfald. I tillegg er eit klassisistisk tekstbegrep problematisk når det blir

knytt til eit frigjeringsbegrep, noko som skjer ikkje bare hos dei som distanserer seg

frå klassisismen - som Brandes og Fjord Jensen - men også hos ein så svoren tilhengar

som Billeskov Jansen. Dette gir eit perspektiv på tradisjon og overlevering som etter

mitt begrep er for negativt og som gjer det nødvendig å trekka inn kategoriar som

vidd og framsyning i forklaringa av kva forhold Holberg står i til den litterære arv.

Det ville vera misvisande å sjå idealitet, vidd og framsyning som kategoriar som

utelukkar kvarandre. Det dreiar seg ikkje om forskjellige saker, men om ulike aspekt

ved i ei og same handling: å gjera bruk av tradisjonen. Holberg bruker den f. eks. ofte

parodierande - slik som i Peder Paars og Ulysses von Ithacia - dvs. på ein måte som er

framsynande og samstundes poengtert, eller framsynand e på ein poengtert måte.

Holberg bruker tradisjonen, men gjer ikkje utforskinga av den til eit mål i seg sjølv.

Han høyrer desidert til dei gamle i den querelle som gjorde seg gjeldande i

historiefaget på første halvdel av 1700-talet. Han er ingen nøyaktig vitar, men ein

omtrentleg wit som med rund hand tar lærdom av historia. Av det gamle oppstår på

den måten noko nytt; historier inngår i refleksjonar som problematiserer

dømmekraft og fornuft.

Framsyning - eller epideiksis - er eit problematisk begrep, men problema er

ikkje bare ein mangel, men også ein mulighet. Sonderinga til Burgess, der ein vid og

inklusiv teori ligg i botn, opnar for å sjå det epideiktiske som eit element som kan

gjera seg gjeldande i varierande grad, og på den måten blir begrepet v eleigna

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!