23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FRAMSYNING 91

La oss også tenka oss at tiltalte ikkje har særleg å forsvara seg med, og at han nyttar

ordspråket som ein utveg, og at dommaren bit på og set han fri. Men la oss tenka oss

litt meir: På tilskodarbenken sit det ein som lyttar etter "holrom i språket", og som

det gradvis går opp for at tiltalte er lur og dommaren dum. Som "tekst" tilbyr

forsvarstalen to lesarroller, d en naive og den gjennomskodande. Dommaren og

tilhøyraren gir gestalt til desse rollene. Dommaren går fem på og tar det som tiltalte

seier til sitt forsvar, for god fisk, dvs. at dommaren aksepterer det som tiltalte

meddeler han. Tilskodaren oppfattar meddelinga annleis; han høyrer kva som blir

sagt, men måten det blir sagt på og situasjonen det blir sagt i, gjer det vanskeleg for

han å svelgja det. Det avgjerande er ikkje kva oppfatning han endar opp med i

spørsmålet om skuld, men at han blir merksam på den doble kommunikasjonen som

førekjem i rettssalen. Å bli merksam på denne doble kommunikasjonen er eit resultat

av ein prosess som tilskodaren gjennomgår mens han lyttar til det som tiltalte seier.

Viss ein forfattar uttaler seg om dikting, f. eks. skriv ein poetikk, kan dette

oppfattast som noko som kjem i tillegg til, ved sida av og skilt frå hans diktariske

praksis. Og forstått slik, kan det danna grunnlag for fleire problemstillingar. I den

grad ein ser slik teoretisering som noko anna enn og lausrive frå praksisen, kan ein

spørja om forfattaren verkeleg er den rette til å gjera greie for kva diktinga kan

utretta, om han verkeleg får til å gjera teoretisk greie for det som han også sjølv gjer i

praksis. Meir generelt kan ein spørja om det er diktinga generelt som blir stilt i fokus,

eller bare delar av den, kanskje bare spesifikke eller perifere delar av den. Eller

spørsmålet kan gå i motsett retning: ein les poetikken som intensjonelle utsegner og

spør så om diktinga til vedkommande forfattar maktar å realisera desse

intensjonane.

Slike problemstillingar er tufta på eit teoretisk skilje mellom teori og praksis,

eit skilje som gjer det mogleg å objektivera det eine på grunnlag av det andre.

Holbergs reflekterande prosa gir god grunn til å stilla spørsmålsteikn ved eit slikt

skilje. Han refererer ofte til sin forfattarskap, til si rolle som forfattar, sitt forhold til

publikum, osv. Dette er kommentarar til allereie føreliggande delar av

forfattarskapen, til kva han har gjort. I tillegg er det også kommentarar til det han er i

ferd med å gjera, altså ei teoretisering over prosaens her og nå. Han set namn på sine

eigne tekstlege grep idet han utfører dei. Han skriv brev, og seier samstundes: dette

er eit brev; tilsvarande med enkel stil, og tilsvarande med paradoks. På den måten

blir det vanskeleg å skilja mellom teori og praksis. Tvert imot er dette stader der

Holberg-teksten syner seg fram som tekst. Det er i kraft av denne framsyninga at

språket blir etsande, at medd elinga går i oppløysing.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!