02.10.2019 Views

Eventyrreisen - YOGA i skolen

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Tove Kvanmo har med Eventyrreisen, Yoga i skolen skrive ei spennande bok tilpassa barn i alderen

5-10 år. Målgruppene for boka er lærarar som underviser barn i 1. til 4. klasse, barna sjølv, foreldre

og andre vaksne som vil tilby yoga til barn. Eit underliggande spørsmål i boka er kvifor skal barn på

småskuletrinnet få læra seg yoga? Forfattaren peiker på korleis barn i dag har mykje stress i kvardagen

sin; aukande krav til prestasjon i skulen, konstant stimulering og kommersielt press via ulike media, stor

aktivitet i fritida, og stundom fleire heimar å forhalda seg til. Alt dette medan barna utviklar seg og skal

finna ut kven dei er.

Eventyrreisen-boka viser korleis yoga tilbyr verktøy som inneber fokus på pust, rørsle-posisjonar (asanas)

og meditasjon. Gjennom fokus på pusteteknikkar – alt frå ballong- til hare- og bjørnepust - kan barn

bli betre kjende med seg sjølv og med kva dei føler i kroppen og tenker på. Boka vektlegg at yoga og

meditasjon er verktøy som kan gi meir ro og velvære i både barnas kropp og sinn. Kvanmo understrekar

at yoga kan bidra til betre livsmeistring, noko som er blitt eit sentralt mål i norsk skule. Forsking på

innføring av yoga i skulen viser også at yoga kan bidra til betre mental helse, konsentrasjon, læringsevne

og trivsel.

Ved at yoga introduseres i småskulen – slik Eventyrreisen-boka legg opp til - vil ein kunna nå mange

barn tidleg, noko som er viktig frå eit folkehelseperspektiv. Kvanmo framstiller yoga-øvingar på ein artig

og leikande måte, med vekt på tilknyting til natur og dyr. Boka inneheld veiledning for både vaksne og

barn og gir også forslag om korleis konkrete yoga-øvingar kan tas i bruk i ulike fag i småskulen. Dermed

kan boka bli ein fruktbar ressurs for lærarar og elevar – noko dei kan samarbeida om i skulekvardagen.

Kvanmos bakgrunn som lærar og hennar store engasjement for barn og yoga kjem godt til uttrykk i boka,

som sterkt anbefales!

Ingunn Hagen, Professor, Institutt for psykologi, NTNU

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!