20.09.2019 Views

Sjakk-1-merged

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

24 REPORTASJE

DAG OG TID FREDAG 23. AUGUST 2019

Der sjakk

er religion

Det eldste kristne landet i verda er òg eit land med ein unik

sjakkultur. «Sjakk i Armenia er som fotball i Latin-Amerika»,

seier sjakklegenda Garri Kasparov, som har armensk mor.

Artikkelforfattar Atle Grønn

og sjakktrenar Kamo Grigorjan

i Sjakkens hus, under eit

bilete av Magnus Carlsen og

Levon Aronjan.

ATLE GRØNN

atle.gronn@ilos.uio.no

Ein ung tilskodar og ein parlamentarikar i djup konsentrasjon.

Vi kjem til hovudstaden Jerevan

om morgonen den 20. juli, den

internasjonale sjakkdagen, som

eg knappast har høyrt om. Datoen

er ikkje nokon merkedag i Noreg,

men kva med Armenia? Med litt

flaks og Google Translate skjønar

vi teksten som er skriven med eksotiske bokstavar

på heimesida til det armenske sjakkforbundet. Vi

må kasta oss i ein taxi og dra til parlamentet.

Sjakk er politikk i Armenia. Lenge var Serzj

Sargsjan president både i landet og i sjakkforbundet.

Etter ti år hadde folket fått meir enn

nok av mannen. Då Sargsjan i fjor gjekk av som

president for å verta statsminister, sa folket

nei. Under fløyelsrevolusjonen i april–mai 2018

møtte på det meste 150.000 armenarar opp på

Republikkplassen i millionbyen Jerevan med krav

om at den ferske statsministeren måtte gå. Ja,

Sargsjan var kan henda udugeleg og korrupt, men

det seier likevel noko om sjakkinteressa at éin

person ville og kunne ha dei øvste maktposisjonane

samstundes i politikk og sjakk. Sargsjan er

framleis president i sjakkforbundet.

Men vi kjem ikkje inn til nasjonalforsamlinga.

Det gjer heller ikkje foreldre, trenarar og armenske

sjakkprofilar. Dei står bak sperringane rundt

den vakre plassen framfor parlamentsbygningen.

Innanfor sperringane er sjakkfesten i full gang.

Nokre få tryggingstiltak må ein rekna med i eit

land med fiendar både i aust (Aserbajdsjan) og

vest (Tyrkia), men dei inviterte sjakkborna slepp

inn. Det er då vi får auge på Asjot Vardapetjan,

hovuddomaren frå VM-kampane til mellom

andre Viswanathan Anand og Magnus Carlsen.

Vardapetjan har heller ikkje tilgang, men eg dreg

«Magnus-kortet», som alltid fungerer i slike høve.

Den kjende sjakkdomaren nyttar kontaktane sine

til å få «utsendingane frå landet til verdsmeisteren»

gjennom tryggingskontrollen og over til

borna og parlamentarikarane.

IDENTITET

Arrangøren Artak Manukjan tek imot oss på

vegner av dei folkevalde.

– Noreg og Armenia er vel dei to mest sjakkgalne

landa i verda, seier eg som ei opningsfrase

i småpraten.

– Skilnaden er at her er sjakk religion, svarar

han.

Eg noterer. Religion. Dei veit noko om slikt

her, landet som vart kristna i år 301. Alt i taxien

frå flyplassen nokre timar tidlegare fekk vi

høyra kor viktig den kristne identiteten er for

armenarar.

– Men kor sterkt trur folket eigentleg, spurde

sjåføren likevel retorisk.

Ja, kor sterkt står sjakkreligionen eigentleg,

spør eg meg sjølv den fyrste dagen.

Fleire kjem bort og fortel om då Magnus

Carlsen vitja parlamentet og kompisen Levon

Aronjan i 2014.

– Eg spurde Carlsen kva skilnaden var på

Noreg og Armenia. Han svara at landslaget til

Noreg aldri kunne vinna eit sjakk-OL, seier ein.

Nokre få parlamentarikar sit og spelar med

kvarandre. «Dei kan ikkje spela mot borna, det

er pinleg om dei tapar», ler arrangøren. Leiaren

av finanskomiteen spelar mot nestleiaren av den

same komiteen. Ei snøgg vurdering av nivået

syner at dei er særs habile sjakkspelarar, som når

den habile skilauparen Jonas Gahr Støre kjem seg

gjennom Birkebeinarrennet på under fire timar.

MATT MED DRONNING

Over heile sjakkverda diskuterer ein det spesielle

armenske konseptet «Sjakk i skulen». No kan vi

endeleg høyra kva dei unge sjølve meiner. Sjakk

og bordtennis som valfag er kjend medisin for

skuletrøytte tenåringar over heile den vestlege

verda, men kva skjer når alle born skal læra sjakk?

Ein av dei mest røynde deltakarane på Sjakkens

dag, Mikael Sargsjan (14) frå skule nummer 88

i Jerevan, vert kommandert ut til intervju. 28

år etter oppløysinga av Sovjetunionen lærer

borna framleis russisk på skulen. Utan den gode

naboskapen til Russland vert Armenia viska vekk

frå kartet av Tyrkia og Aserbajdsjan. Så armenarane

tykkjer det er naturleg at ein sjakkjournalist

frå Noreg, eit anna naboland til Russland, kommuniserer

med dei på russisk.

Mikael er ferdig med sjakk i skulen: to timar

i veka frå 2. til 4. klasse. Eg spør om dei andre

elevane i klassen lærte å setja sjakkmatt med

dronning og konge mot konge. Det er lakmustesten

på om ein er ein ekte sjakkspelar.

– Om lag halvparten, dei som var interesserte.

– Så kva gjer ein når ein ikkje er interessert,

undrar eg.

– Ein berre sit der og ser ut i lufta.

Intervjuobjektet mitt er heilt ærleg, det likar

eg.

– Er det dei same elevane som likar matematikk

som likar sjakk, spør eg vidare.

– Nei!

Svaret kjem kontant. Og det er eit viktig

poeng: Ein kan ikkje redusera sjakk til matematikk.

Sjakk er konsentrasjon, sport, leik, kunst.

Mikael kjem òg med eit anna viktig poeng: Alle

Sjakkens dag, 20. juli, vart markert i parlamentet i Jerevan med sjakkfest for in

skulane har sin eigen sjakklærar, ein spesialist

som berre underviser i sjakk. Då kjem ein unna

problemet frå Sovjetunionen på 1920-talet, då

ein eksperimenterte med sjakk som ein del av

matematikkundervisninga. Borna lærte sjakk

snøggare enn matematikklæraren og miste vørdnaden

for han: «Korleis kan den idioten læra meg

noko?» sa borna, ifylgje memoarane til ein sovjetisk

sjakkorganisator.

ARONJAN OG BORNA

Kona mi (fotografen) pratar med to sysken. Ho

skryter av at dei er så gode i engelsk.

– Thank you, seier den yngste nøgd, men litt

overraska over komplimenten.

– Vi er frå New York. Vi pratar nok best

engelsk, seier den eldste.

Jack (snart 10) og Laurel (12) er berre på vitjing

i sumarferien, men alle her veit kven dei er.

– Og etternamnet er?

Vi spør for å stadfesta ryktet.

– Aronjan. Levon er onkelen vår, seier jenta.

Dei to spelar heilt OK, men viser seg sjanselause

mot dei beste heilarmenske borna i

turneringa.

Ein ekte armenar, Hamlet Gharibjan (11), er

eit blikkfang i T-skjorte med bilete av sjakkhelten

Aronjan på magen og fotballspelaren Mkhitarjan

frå Arsenal på ryggen. Han kjem frå Gyumri, eit

par timar vest for Jerevan, og pratar eit nydeleg

russisk, som han har lært på skulen. Han er heilt

klårt av den skuleflinke typen.

– Er det ikkje keisamt med sjakk på skulen

når klassekameratane spelar så mykje dårlegare

enn deg, spør eg.

Svaret overraskar: – Nei, det er mange på

nivået mitt i klassen.

– Kor mange kan setja matt med dronning, då?

Han ser overraska på meg: – Alle!

– Alle?

– Ja, alle!

Eg høgnar: – Veit alle kva siciliansk opning

er for noko?

Han tenkjer seg om: – Nja, ikkje alle, men dei

mest interesserte.

JORDSKJELVET

Mor til Hamlet ventar på den andre sida av sperringane.

«Ingen har vondt av sjakk i skulen», seier

ho og får støtte frå alle mødrene. Ei litt eldre dame

blandar seg inn i samtalen med stor autoritet.

DAG OG TID FREDAG 23. AUGUST 2019

REPORTASJE 25

viterte born. Alle foto: Vibeke Ekeland Grønn

Hasmik Khalikjan ber oss helsa til sjakklubben

i Kragerø, den einaste norske kommunen som

har sannkjent folkemordet på armenarane i

1915, då over ein million armenarar vart drepne

av tyrkarane. Fridtjof Nansen utstyrte deretter

320.000 armenske flyktningar med Nansen-pass,

medan misjonæren Bodil Biørn frå Kragerø gjorde

eit heroisk hjelpearbeid gjennom tiår. I dag bur

mindre enn ein tredel av armenarane i heimlandet

Armenia.

Khalikjan er direktør for Sjakkakademiet

i Gyumri. Eg intervjuar henne gjennom

sperringane.

– Etter jordskjelvet i 1988 vart eg profesjonell

sjakktrenar, Før det var eg fysikar, fortel ho.

Eg skjønar ikkje heilt kva sjakken har å gjera

med jordskjelvet som råka Gyumri, men fortel

at vi i Oslo samla inn pengar til offera ved å

arrangera ei turnering med eksverdsmeistrane

Smyslov og Tal, som stilte opp gratis.

– Men kvifor slutta du som fysikar, spør eg.

– Etter jordskjelvet samla vi borna i telt. Dei

hadde store traume, og vi måtte gje dei noko

anna å tenkja på. Då kom sjakken inn. Eg kjem

frå ein sjakkfamilie, som mange armenarar, men

for meg har borna alltid vore viktigare enn sjakken.

Er du ikkje samd?

BETRE ENN PARADIS

Dagen etter et vi middag heime hos ein armensk

stormeister, det er ganske mange av dei, men vi

vil gjerne òg møta folket, vanlege sjakkspelarar.

Det er ikkje vanskeleg, viser det seg.

Dei eldre drosjesjåførane pratar gladeleg om

sjakk når vi køyrer forbi Nansen-gata, eller når vi

passerer ein stor plakat av verdsmeisteren Tigran

Petrosjan – eller når eg blar opp ein 2000-dramsetel

(36 kroner) med bilete av Petrosjan.

– Det går betre no. Men livet under Sovjet var

eit paradis, seier ein.

Han fortel historier om Petrosjan, Kasparov og

Aronjan. Drosjesjåføren med ei stor gulltann har

absolutt peiling, jamvel om ikkje alle historiene

hans kan vera sanne. Likevel er dette sjakkfolklore

på sitt beste. Han er ikkje særleg interessert

i å høyra min versjon av historiene.

Ein annan drosjesjåfør seier spontant:

«Magnus og Aronjan!». Ein tredje seier «Carlsen

og Ole Einar Bjørndalen!». Men dei fleste nemner

òg Nansen i samtalen.

Slik alle nordmenn

på eit

vis kan gå på

ski, har vi

enno ikkje

møtt ein

armenar som

ikkje kan

spela sjakk.

SJAKKENS HUS

For å finna sjakkfolket den tredje dagen, byrjar

vi i ein av parkane. Der spelar gamle menn sjakk

og backgammon i skuggen frå trea. Ein av dei går

under det tysk-russiske namnet «Grossmeister».

Han spelar litt betre enn dei andre, men har det

fyrst og fremst i kjeften.

På ein stor paviljong i parken dukkar det opp

sjakkspel overalt, men utan spelarar. Ein mann

sit og skjer ut brikker og brett. Ekspeditøren i

ein av sjakkbrettbutikkane fortel at dei har 40

treskjerar og kunstnarar i produksjon. Eg har sett

mykje slikt, men dette er det vakraste i sjangeren.

Vi går ut av parken, vidare på jakt etter noko

som heiter Sjakkens hus. Plassen er markert med

stor skrift på eit upresist kart i turistbrosjyren.

I 40 grader misser vi orienteringa, og må spørja

folk på gata: «Sjakkens hus?» Fem personar vert

stansa på vegen og alle hjelper oss å koma nærmare

målet. Når vi kjem fram, skjønar vi kvifor

fem av fem armenarar kjenner dette landemerket.

Det er eit praktfullt bygg i beste sovjetiske

stil. Den fyrste steinen vart lagd ned av verdsmeister

Petrosjan på slutten av 1960-talet. Bygningen

er sirkelforma og går over fire etasjar med sjakkinspirert

kunst på veggane, som til dømes gigantiske

veggteppe med fire sjakkmotiv som fire

årstider: kamp, remis, tap og siger.

Gjestebodet inviterer til armensk-norsk landskamp etter middagen.

HEILAG KONJAKK

Sjakktrenaren Kamo Grigorjan (64) møter oss i

kjellaretasjen på Sjakkens hus, og han vil ikkje

sleppa taket. Han seier han var den fyrste som

freista undervisa sjakk i skulen, som eit eksperiment

på skule nummer 10 i 1996. Morgontimane

var best: 40 born sat stille klokka 08.30 og høyrde

om historia til det 1500 år gamle spelet frå India.

Grigorjan vil gjerne fortelja alle sjakkhistoriene

han kan, til meg òg, men vi må vidare oppover

i etasjane.

På vegen heim er Grigorjan der på ny. Han

kjem bort: – Veit du om Carlsen kan fransk, spør

han.

– Litt, kan henda, svarar eg.

– Då han kom hit til huset, visste eg ikkje kva

eg skulle seia. Så eg sa bonjour, fortel sjakktrenaren

nøgd.

Eit par dagar seinare sit eg heime hos Grigorjan

og drikk armensk konjakk (brandy), Armenias

mest kjende eksportartikkel i Sovjettida, på nok

eit bord overfylt av kjøt, grønt og frukt.

Vi har sett og høyrt nok frå sjakkmiljøet, så

mot slutten av opphaldet vitjar vi ein typisk

armensk storfamilie som ikkje har nokon kjennskap

til sjakkturismen vår. Det vert likevel litt

prat med gamlefar i huset om gullrekkja Nansen,

Bjørndalen og Carlsen. Og medan dei vaksne diskuterer

den 20 år gamle konjakken kalla opp

etter det heilage fjellet Ararat like utanfor Jerevan

(5137 meter over havet; i dag på tyrkisk territorium),

finn to av borna i huset, ei jente på 10 og

ein gut på 8 år, fram sjakkbrettet. Dei vil utfordra

dotter vår. Dei to borna har sjakk på skulen, men

har ikkje teke skade av det. Eg skjønar snøgt at

dei trass stor entusiasme ikkje kan setja matt

med dronning og konge.

Dotter mi spør på norsk, etter eit par trekk,

om ho skal vera snill og ikkje ta brikkene deira,

men i kulturmøte over sjakkbrettet må vi spela

ærleg. Armenia er det beste sjakklandet òg av di

dei har så mange dårlege spelarar. Det er berre i

Noreg at toppen, Carlsen, kom før breidda. Slik

alle nordmenn på eit vis kan gå på ski, har vi enno

ikkje møtt ein armenar som ikkje kan spela sjakk.

ATLE GRØNN

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk og skriv

kvar veke «Frå sjakkverda» i Dag og Tid.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!