20.12.2018 Views

Navigare nummer 4 - 2018

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SMÅNYTT

Næringa sette pris på sjansen til å komma Sjøfartsdirektoratet i møte på Svalbard denne veka.

Gode tilbakemeldingar på Svalbard

FOTO: SJØFARTSDIREKTORATET

I slutten av oktober arrangerte Sjøfartsdirektoratet ope

dialogmøte om ei ny forskrift om tryggleikskrav

for passasjerskip i norsk territorialfarvatn ved Svalbard.

– På dialogmøtet har me møtt engasjerte representantar frå

næringa, som har fått drøfta krava me føreslår. Det har kome

mange gode innspel som me tek med oss vidare i arbeidet fram

mot høyringa seinare i år, seier Sonja Hillersøy, som er leiar for

passasjerskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet.

Sjøredningsskolen

Bakgrunnen er at Sjøfartsdirektoratet ynskjer å få på plass eit eige

regelverk for passasjerskip i områda rundt Svalbard. Til no har mykje

av krava blitt regulert gjennom rundskriv. Samstundes er direktoratet

klar over at dette kjem til å væra eit krevjande arbeid, då det omfattar

fartøy av ulike typar og storleikar. Difor er tidleg dialog særs viktig.

Forarbeidet som ligg til grunn for den nye forskrifta blei presentert

på dialogmøtet, og skal ut på høyring når det er blitt utforma som

ei forskrift. Det som allereie er fastsett, er at krava skal gjelda for

både norske og utanlandske passasjerskip. Eit 30-tals personar

deltok på møtet, og ei tidleg involvering er noko dei sette pris på.

– Me fekk god dialog, og tilbakemeldinga er at næringa set pris på

at dei blir tidleg involverte, slik at vi kan ha ein dialog rundt krava før

forskrifta kjem ut på høyring, seier Hillersøy.

Målsetjinga til direktoratet er å ha høyringa klar oppunder jul, og at

høyringsfristen blir sett til tre månader.

SJØREDNINGSSKOLEN

Opplæring og rådgivning innen

sikkerhet og beredskap

RS Sjøredningsskolen tilbyr en komplett portefølje av kurs,

opplæring og rådgivningstjenester rettet mot maritim og offshore.

Les mer og se hele vår kursportefølje på:

www.sjøredningsskolen.no

RS Sjøredningsskolen AS

Navigare 4 - 2018 | 47

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!