20.12.2018 Views

Navigare nummer 4 - 2018

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

LEDER

SLUTT PÅ HAVET

SOM SØPPELPLASS

Olav Akselsen

Sjøfartsdirektør

« Gjennom tilsyna

våre kan me avdekka

brot på regelverket

og samstundes

førebygga at reglane

blir brotne.

FOTO: STEINAR HAUGBERG/SJØFARTSDIREKTORATET

I svært mange år var det ikkje reglar for kva ein kunne kasta på sjøen, og havet fungerte

på mange måtar som vår felles søppelplass. Her til lands var det ikkje uvanleg at blikkboksar,

gamle syklar eller barnevogner vart kasta på sjøen. Inntil nyleg var det også vanleg

at ureinska kloakk gjekk rett ut i fjorden. Heller ikkje innan skipsfarten fanst det reglar for

kva ein kunne kvitta seg med ved å hive det over bord. Difor var det meir regelen enn

unntaket at spillolje, matrestar og all anna søppel frå skipet, hamna på sjøen.

Ein av dei første som sette forureining av havet på dagsorden, var Thor Heyerdal. På

sine reiser over Atlanteren med sivbåtane Ra I og II, observerte han store belte med oljeklumpar

og anna forureining. Dette var noko han ikkje hadde sett på sin tur med Kon-

Tiki 20 år tidlegare. Dette gav grobotn for eit stort og livslangt engasjement for miljøet.

Forureininga vart dokumentert gjennom filmar, bøker, vitskaplege artiklar, og gjennom

ein eigen rapport til FN sin sjøfartsorganisasjon IMO. Thor Heyerdal sitt engasjement

fekk stor internasjonal merksemd og var ein medverkande årsak til at IMO i 1973 vedtok

MARPOL, den internasjonale konvensjonen for å hindra marin forureining frå skip.

Sakte, men sikkert har det kome på plass reglar for å hindra at me kvittar oss med ting

me ikkje vil ha, ved å kasta det på sjøen. I dag er det svært strenge reglar for kva som kan

sleppast på sjøen frå skip. MARPOL har etter kvart fått seks vedlegg. Desse vedlegga gir

reglar for utslepp av olje, skadelege stoff, kloakk, søppel og utslepp til luft.

Sjøfartsdirektoratet si oppgåve er å jobba førebyggjande. Det gjeld innan tryggleik, der

me skal bidra til at ulykker ikkje skjer, og innan miljø, der me skal bidra til å hindra

ureining frå skipsfarten. Me jobbar difor nasjonalt og internasjonalt med å utvikla lovar og

reglar som skal regulera skipsfarten. Skal regelverket fungera etter intensjonen, er det

viktig med kontroll.

For å førebygga brot på reglane, sikra miljø og helse, og sørga for like konkurranseforhold,

er tilsyn avgjerande. Tilsyn er ein svært viktig del av Sjøfartsdirektoratet sitt

arbeid. Gjennom tilsyna våre kan me avdekka brot på regelverket og samstundes førebygga

at reglane blir brotne. Brot blir straffa med høge gebyr.

Sjølv om skipsfarten openbart er på rett veg når det gjeld miljø og utslepp, er det

grunn til uro over havet sin helsetilstand. Fleire forskingsrapportar viser at mykje står gale

til med verdshava våre. Drastiske tiltak må til for å hindra ny forureining og for å samla

opp avfallet som alt er hamna i havet. Heldigvis har havet på nytt fått stor merksemd, og

det er teke mange initiativ for å betra tilhøva. Saka har topp prioritet i Noreg, og FN har

også havet høgt på sin dagsorden.

Skal me oppnå resultat er det viktig med samarbeid. Mellom nasjonar og mellom ulike

aktørar. Sjøfartsdirektoratet jobbar aktivt internasjonalt for å bidra til redusert forureining av

havet. Me jobbar også aktivt med andre offentlege aktørar i Noreg for å få ned ulike utslepp.

Saman med ein del andre norske aktørar har Sjøfartsdirektoratet også valt å delta i

prosjektet Circular Cleanup. Målet med prosjektet er å skapa nye løysingar for å rydda

plast effektivt og meir lønsamt. I tillegg skal prosjektet fokusera på å stoppa tilførselen av

plast til havet.

Eg vil gje ros til Rederiforbundet, som har teke initiativet og på den måten viser ansvar

på vegne av næringa. Samstundes har initiativet samla svært mange ulike aktørar om eit

felles mål, varige løysingar og eit reinare hav.

Det er diverre naudsynt med ei storstila opprydding, men viktigast av alt å stoppa

tilførsel av ny forureining til havet. Ein må slutta å sjå på havet som ein søppelplass.

4 | Navigare 4 - 2018

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!