20.12.2018 Views

Navigare nummer 4 - 2018

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

TEK OVER: Jon Magnus Haga (t.h.) tek over som leiar for Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin

etter Alf Magne Horneland, som har leia senteret sidan starten i 2006.

FOTO KARI STAUTLAND/SJØFARTSDIREKTORATET

dømes spurte reiarlaget sjølv om råd når

oppryddingsarbeidet etter Deepwater

Horizon-ulykka skulle setjast i gong. Ein

annan gong var det utbrot av tuberkulose

på eit norsk-flagga skip i amerikansk

hamn.

For to år sidan blei også dykkemedisin

ein del av senteret ved Haukeland Universitetssjukehus.

Der finn ein også eit hyperbart

cellekulturlaboratorium for forsking.

Yrkesmedisinsk avdeling som senteret er

ein del av, har også ein arbeidsmedisinsk

poliklinikk, ein allergologisk poliklinikk og

har ein eigen seksjon for hyperbar

oksygenbehandling – for heile Noreg.

RADIO MEDICO

Dei seks legane som inngår i skiftordninga

til Radio Medico, legevaktsordninga for

skip og sjøfolk, har også sentralen sin på

senteret. Den døgnopne tenesta er basert

på heimevaktordningar, men ved sentralen

har dei øvingsrom med kamera, der dei

mellom anna kan demonstrera medisinsk

hjelp over nettet. Dei gir også opplæringa

til navigatørar og andre som skal ha

medisinsk ansvar om bord.

– I snitt tar dei hand om 1500 pasientar

i året, og gir mellom 3500 og 4000

konsultasjonar til pasientar om bord på

skip verda over. Tenesta er gratis, og er

ein del av redningstenesta i samarbeid med

Hovedredningssentralen og Kystradioen.

Dei gir medisinske råd over telefon, og i

meir alvorlege tilfelle er det opp til dei å

vurdera om det er nødvendig å evakuera

pasienten eller ikkje.

– Det krev litt mot å jobba som lege

her, fordi ein må ta avgjerslene på tynnare

grunnlag enn det legar på land gjer.

Normalen for oss er å setja i gang ei

behandling ut frå få diagnosekriterier,

fortel Agnar Tveten, som er leiar for

Radio Medico Norge.

– Mange trur at tilfella der pasientane

er midt på Stillehavet er dei vanskelegaste,

men det er faktisk vanskelegare å ta avgjersler

om evakuering når skip er nærare

land, seier Tveten.

fakta:

• Stortinget vedtok å oppretta Norsk senter for maritim medisin i 2005, og senteret fekk i mandat å

samla og formidla kunnskap om sjøfartsmedisin til reiarlag, fartøy, myndigheiter og andre brukarar.

Dei skulle også initiera og utføra forsking, registrera førekomst av sjukdom og ulykker til sjøs, gje

undervisningsstøtte ved utdanning av sjøfolk, og vera kontaktpunkt for internasjonalt samarbeid på

feltet. Senteret skulle også driva Radio Medico.

• Etter kvart kom senteret inn på budsjettet til Helse Bergen HF og Helse Vest RHF, og 1. juni 2006

blei Alf Magne Horneland tilsett som leiar, med Arne Johan Ulven som nestleiar og forskingssjef.

• I 2016 blei Senter for dykkemedisin innlemma, og det nye namnet blei Norsk senter for maritim

medisin og dykkemedisin. Senteret er ein seksjon i Yrkesmedisinsk avdeling.

• I dag har senteret totalt 21 tilsette, i 10-11 årsverk. Dei har ulike aktivitetar og seksjonar, som Radio

Medico Norway og eit hyperbart cellekulturlaboratorium for forsking. I tillegg har Yrkesmedisinsk

avdeling også landsfunksjon når det gjeld hyperbar oksygenbehandling, testing av astma/allergi

med provokasjonskammer, utgreiing av yrkesdykkarar med mistenkt yrkessjukdom. Dei har og ein

arbeidsmedisinsk poliklinikk, ein allergologisk poliklinikk og ein hyperbarmedisinsk seksjon.

Navigare 4- 2018 | 33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!