20.12.2018 Views

Navigare nummer 4 - 2018

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

AKTUELT

Ny leiar for maritim medisin:

EIT SENTER MED

EVENTYRLEG VEKST

På tolv år har Norsk senter for maritim medisin og

dykkemedisin (NSMDM) gått frå to til 21 tilsette. Etter like mange år

som leiar av senteret, er Alf Magne Horneland klar for å senda

stafettpinnen vidare til Jon Magnus Haga.

KARI STAUTLAND

Redaktør Navigare

– Med ein så god arvtakar kan eg gle meg

til pensjonistlivet, seier Alf Magne Horneland

nøgd, og nikkar til Jon Magnus Haga.

Medan førstnemnde har siste arbeidsdag

1. desember, har sistnemnde begynt å

gjera seg kjend med sin nye arbeidsplass.

Maritim medisin er på ingen måte noko

nytt tema for den 34 år gamle legen. Dei

siste åra har han jobba som avdelingslege i

Kystvakten, og har også bakgrunn frå

Marinen.

Å gje medisinske råd innan det maritime

fagfeltet er ei av hovudoppgåvene for

senteret, og Sjøfartsdirektoratet er viktigaste

samrbeidspartnar.

HELSEREGISTER

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på jobben,

senteret har ein svært brei og spennande

portefølje, seier Haga. Han trur forsking

vil få auka fokus ved senteret i åra som

kjem, særleg når dei får oppretta eit

nasjonalt helseregister for sjøfolk. Målet

om å samla kunnskap om sjøfolk si helse

har lenge stått på agendaen, og no er det

sett ned ei arbeidsgruppe som skal ta

prosjektet vidare.

– Ei av utfordringane i dette arbeidet er

at det er mange grupper som har sjøen

som arbeidsplass, både fiskarar, sjøfolk,

petroleumstilsette og folk i havbruksnæringa.

Me kjem til å begynna med

skips arbeidarar og utvida ordninga etter

kvart, seier Haga. Risikoen for å mista livet

på jobb er langt høgare for dei som har

sjøen som arbeidsplass enn den er for

arbeidarar på land.

– Norske fiskarar og sjøfolk står for ei

enorm verdiskaping, og fortener betre

helsetilbod enn det dei har i dag. Gjennom

auka kunnskap vil me lettare kunna setta

inn tiltak der behovet er størst, meiner

Haga.

VID EKSPERTISE

Sidan Horneland blei tilsett som leiar for

det nyoppretta senteret i 2006, har det gått

gjennom ein eventyrleg vekst. Horneland

kom då frå ein jobb i Sjøforsvaret, der han

mellom anna hadde ansvaret for grunnkurs

i maritim medisin, eit arbeidsområde

han tok med seg inn til senteret i tillegg til

ei lang rekke nye arbeidsoppgåver.

– Mange sjøfartsadministrasjonar har

ein eigen lege som tek seg av slike oppgåver.

Me har ein fordel av å tilhøyra eit

større fagmiljø med vid ekspertise, fortel

Horneland. Når nye regelverk som om ­

fattar sjøfolk skal fastsetjast, spelar legane

ved senteret ei sentral rolle. Dei bistår også

Statens havarikommisjon for transport

(SHT) i samband med granskingar av

ulykker til sjøs. Somme gonger ber reiarlag

om støtte i situasjonar som oppstår. Til

32 | Navigare 4 - 2018

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!