20.12.2018 Views

Navigare nummer 4 - 2018

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

SJØSIKKERHETSKONFERANSEN

FRAMTIDAS SJØFOLK TRENG

DIGITAL KOMPETANSE

– Skulane følgjer ein læreplan der sekstanten er nemnt seks gongar, digitalisering to gonger.

Her må noko gjerast, seier Tine Viveka Westerberg, som forskar på framtidas maritime kompetanse.

KARI STAUTLAND

Redaktør Navigare

Fokuset på digitalisering og behovet

for «smartare sjøfolk» fekk Tine

Viveka Westerberg ved Universitetet

i Sørøst-Norge til å lura på om me er på

veg frå hav til Nav. På Sjøsikkerhetskonferansen

fortalde ho om funna frå

forskingsprosjektet om framtidas maritime

kompetanse

– I fjor sa næringsministeren at me

treng smartare sjøfolk. Eg lurte på kva i

alle dagar det skulle bety. Er ikkje dagens

sjøfolk smarte? Og kva meiner dei når dei

snakkar om grønne og innovative sjøfolk?

Dette er omgrep som blir brukt i dag, utan

at det er sagt noko om kva kompetansekrav

som følgjer omgrepa, seier Westerberg.

KVA ER DIGITALISERING

Ho har brukt to år på å forska på maritim

kompetanse, mellom anna ved å senda ut

ei spørjeundersøking til sjøfolk, snakka

med reiarlag og ved sjølv å mønstra på eit

skip for å sjå korleis livet til sjøs eigentleg er.

– Det som blei heilt tydeleg, er at

ingen veit kva digitalisering er, og korleis

det vil endra jobbkvardagen deira. Sjøfolka

hadde også ein mykje lenger horisont på

dette med autonome skip enn det eg

trudde på førehand. Overraskande mange

meinte at dette ikkje kom til å skje i deira

levetid, sa Westerberg.

IKKJE FERDIGUTDANNA

Ho fortel at mange sjøfolk etterlyser

opplæring som rustar dei for framtida.

– Me er ikkje nødvendigvis ferdigutdanna

etter ein bachelorgrad. Næringa må

OPPLÆRING: Sjøfolk etterlyser opplæring som

rustar dei for ei digital framtid, seier Tine Viveka

Westerberg. FOTO: BJARTE AMBLE/SJØFARTSDIREKTORATET

DIGITAL: Sjøoffisersforbundets Hans Sande

snakkar gjerne om nødvendig digitalisering av

skipsfarten. FOTO: BJARTE AMBLE/SJØFARTSDIREKTORATET

gjennom ei haldningsendring for å gje

sjøfolka nødvendig kompetanse framover,

sa Westerberg. Ho viste til at reiarlaga

manglar eigne opplæringsopplegg og

kjøper hyllevarer som ikkje er tilpassa

reiarlaget sine behov.

Leiar av Sjøoffisersforbundet, Hans

Sande er definitivt ikkje blant dei som blir

nervøse av å snakka om digitalisering av

skipsfarten.

– Eg kom ut av skapet i fjor. Det var

ikkje lett å stå framfor venner, familie og

kollegaer og sei: Eg er digital. Men det er

eg, sa Sande frå talarstolen på Sjøsikkerhetskonferansen.

Han er ikkje i tvil om at

det autonome passasjerskipet vil koma på

sikt.

– Vi bør ikkje frykta det. Det ligg

mange mulegheiter for å gjera skipsfarten

tryggare gjennom teknologi, og nautisk

kompetanse vil vera ein viktig del av det.

Me kjem til å få nye oppgåver og det blir

spennande å sjå korleis me skal løysa

dette, sa Hans Sande.

28 | Navigare 4 - 2018

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!