Innavlsbrosjyre
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
INNAVL I

TELEMARKFEET
INNAVL I TELEMARKFEET

Telemarkfe er utrydningstruga, det er få individ att og innavlsgraden i populasjonen

er høg. Avlsarbeid på Telemarkfe og andre utryddingstruga raser er ulikt avlsarbeid

på raser som har stabile populasjonar, som til dømes NRF. Vi må fokusere på å bevare

den genetiske variasjonen i Telemarkfeet, bruke mange oksar i avl og vi må tenke på kor

nært i slekt individa er med kvarandre.

Avlsarbeidet på Telemarkfe er nøydt til å vere eit bevaringsarbeid. Men ikkje bli fortvila!

Å ta vare på genetisk variasjon har mange positive følgjer, produktive eigenskapar hos

kua kan forbetrast sjølv om vi fokuserer på genetisk variasjon!

Dagens situasjon 2018

I dag har vi ca. 350 mordyr og gjennomsnittleg

innavlsgrad i populasjonen er ~12,3%

(2015). 12,3% innavlsgrad er høgt. Det er det

same som resultatet av ein halvsøskenparing

eller paring mellom onkel-niese/ tante-nevø.

HELSØSKEN HALVSØSKEN DOBBELT SØSKENBARN

F = 1/4

= 25 %

F = 1/16

= 6,25 %

F = 1/8

= 12,5 %

SØSKENBARN

F = 1/8

= 12,5 %

ONKEL - NIESE

F = 1/8

= 12,5 %

Undersøkingar i stamtavlene syner at vi parer

ikkje halvsøsken med kvarandre og heller ikkje

tante og nevø. Grunnen til høg innavlsgrad er

gamal innavl som heng att frå korleis det vart

avla tidlegare.

Historia

For ca. 200 år sidan var det ein gardsokse på

kvar gard. Oksen vart bruka i eitt til to år før

den vart bytta ut. I denne tida avla man berre

på mordyr, det vil seie at ein ikkje la vekt på

oksens kvalitetar i avlsarbeidet.

Det var ikkje kjent at val av okse for eksempel

kunne påverke avdrått og valet av okse var

derfor vilkårleg. Etter 1850 byrja ein med eit

meir organisert avlsarbeid og Telemarkfe vart

registrert som eigen rase i 1856. Då byrja ein

å avle på gode linjer både på mor- og farsida

av slektstreet. I denne tida brydde ein

seg ikkje om innavl og avla på det beste

av det beste heile tida. Denne strategien

førte til mykje innavl på gardane. Etter

kvart begynte ein også å samarbeide om

oksar, noko som resulterte i at alle dyr i

et heilt område var i slekt med kvarandre

og innavla.

På slutten av 1800-tallet gav Stortinget

tilskot til innkaup og underhald av premierte

oksar som fylgde rasestandarden.

Premierte oksar vart mykje bruka over

lang tid, dei blei «avlsmatadorar». Deira

genar gjekk att i nesten heila populasjonen.

Frå 1920 til 1950 vart den gjennomsnittlege

slektskapen mellom oksane dobla,

og den gjennomsnittlege slektskapen

i populasjonen auka raskt. Høg slektskap mellom

individa i en generasjon gjev utslag i auka

innavlsgrad i neste generasjon.

(Kilde: Ola Syrstad, 2010; Hornqvæget betræffende;

Jord og gjerning s.187-192).

Telemarkfeet har alltid vore prega av innavl.

Den einaste måten å minke innavlsgraden i

populasjonen er å systematisk krysse inn framande

genar. Om ein ikkje kryssar inn, kan ein

ikkje halde ein slik liten populasjon innavlsfri

for alltid, men det er mogleg å bremse innavlsutviklinga.

Kva er innavl?

Innavl kjem ved paring mellom slektningar,

framfor alt nære slektningar.

Dette fører til homozygosity by

descent i populasjonen. Det betyr at

individa får to allel i eit gen som er

nedarva frå eitt og same individ, for

eksempel foreldras bestefar (sjå bilde).

I resultatet på bildet har genet

berre ein variant å uttrykke og nedarva.

Dersom dette individet ikkje

hadde vore innavla hadde han hatt

to variantar, det vil sei at han hadde

vore berar av meir genetisk variasjon.

Kor farleg er det eigentleg?

Mange får friske kalvar sjølv om det er høg

innavl? Telemarkfeet har alltid vore innavla

og det går jo bra? Den kalven har 20% innavl

og er den finaste i heile besetninga!

Høg innavlsgrad i en populasjon er i seg sjølv

ikkje nødvendigvis farleg, det er når innavlsgraden

aukar raskt at det kan bli kritisk. Ved

å la innavlsgraden auke raskt, tek vi ein stor

risiko. Risikoen er at vi ikkje veit kva for genar

som blir fiksert og kva som går tapt for alltid.

Når innavlsgraden aukar, fikserast og forsvinn

alleler og genetisk variasjon går tapt.

Eit eksempel der genetisk variasjon har gått

tapt og uheldige genar har verte fiksera er i

Norsk Lundehund. Norsk Lundehund utfører

no eit kryssingsprosjekt for å få inn meir genetisk

variasjon, noko som er viktig for overlevinga

til Lundehunden. Ein mage- og tarmsjukdom

kalla Intestinal Lymfanglekstasi(IL)

har vore nesten fiksert i populasjonen og var

grunnen til 30% av dødsfalla. Hundane hadde

også redusert fertilitet samanlikna med andre

rasar. Årsaka til at desse problema har oppstått

er at Lundehunden har vore nær utrydding

fleire gonger, noko som har medført fleire

såkalla genetiske flaskehalsar, som i sin tur har

medført svært mykje innavl. Auka innavlsgrad

(∆F) fører etter kvart til innavlsdepresjon.

Innavlsdepresjon fører til mellom anna:

• Nedsett fruktbarheit – kviger blir ikkje

drektige, dårleg sædkvalitet, svake

eller døde kalvar.

• Redusert produksjonsevne for kvar

10% auking i innavl vert mjølke

mengde(kg) redusert med 3,2% i for

hold til ein populasjon utan innavl.

(Kilde: Morley, 1954 etter Falconer & Mackay, 1996

Quantitative genetics kap 14.1)

GEN

ALLEL

BESTEFAR

TANTE

RESULTAT

BESTEMOR

ONKEL

SØSKENBARN 1 SØSKENBARN 2

Følg det røde allelet. Figuren syner kva som skjer genetisk når ein parer slektningar

med kvarandre. Genetisk variasjon går tapt.

Dette inneber at når vi får innavlsauken under

kontroll i Telemarkfeet, bevarer vi samstundes

gode produksjonsevner. Dei viktigaste tiltaka

er å bruke fleire oksar i avl, sørge for at det

kjem inn fleire nye seminoksar og unngå nære

slektskapsparingar.

Telemarkfe-populasjonen er ein lukka og avgrensa

populasjon, og det er ikkje mogleg å få

ein slik populasjon heilt fri for innavl. Innavlsgraden

som er i populasjonen no er det ikkje

så mykje vi kan gjere med, om vi ikkje kryssar

med andre raser. Vi må difor jobbe med det vi

har og bevare det vi har att av genetisk variasjon.

Bevare genetisk variasjon

Genetisk variasjon er essensielt for at ein

populasjon skal vere robust, overleve miljøforandringar,

nye driftsformer og bruksområder.

Det er og viktig for at populasjonen ikkje skal

døy av fatale genetiske sjukdommar, som berre

slår ut om dei vert arva frå både far og mor.

Ideelt sett i ein liten og truga populasjon slik

som Telemarkfe, skulle ein bruka ulike oksar

på alle kyr, det vil seie like mange oksar som

kyr. Det er ikkje mogleg i praksis og ikkje heilt

ynskjeleg heller på grunn av at ein ynskjer

avlsframgang i ulike eigenskapar. Det beste vi

kan gjere i dagens situasjon er å bruke mange

oksar.
Landslaget for Telemarkfe er avlsorganisasjonen for Telemarkfe i Norge.

Telemarkfe er ein truga rase. Landslaget driv bevaringsarbeid med mål om å

auke talet dyr, ta vare på genetisk variasjon, og utvikle rasen vidare i

samsvar med gjeldande avlsmål

Rød: 15 % C, 90% M, 100% Y

Turkis: 100 % C, 30 % M, 30% Y

Sort: 100 % K

Sort: 100 % K

Landslaget

for Telemarkfe

Gul: 30 % M, 100% Y

Landslaget

for Telemarkfe

Landslaget

for Telemarkfe

Landslaget for Telemarkfe

v/Dyrsku’n Arrangement AS, Nordbygdivegen LOGOOPPSETT

60

5 VARIANTER

3840 Seljord. post@telemarkfe.no | Tlf: 35 06 57 70

Formgiving: Jonny Andvik Trykk: Atles Trykkeri as 2018

Landslaget

Landslaget