03.11.2016 Views

SIDDIS BRASS

Siddisprogram%202016%20skjerm

Siddisprogram%202016%20skjerm

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Helsing frå Norges Musikkorps Forbund

Musikalsk fest!!

Norges Musikkorps Forbund helsar Siddis Brass og ønskjer lukke til med

årets arrangement!

Siddis Brass er innbegrepet av underhaldningskonkurranse i korps-Noreg.

«Underhaldning», kva er det? Svaret; dette er opp til kvart korps å finna ut

av. Ein føresetnad er at korps og dirigent sjølv har tru på at nettopp dette

konseptet og musikkprogrammet er noko som vil fengja publikum. For å

kunna underhalda andre må ein sjølv ha det moro! Då er det gode sjansar

for at bodskapen også når fram til publikum og domarar.

Å berre satsa på noko ein trur domarane forventar å høyra, er neppe ein god strategi.

På Siddis er heldigvis takhøgda stor, difor er også spekteret i repertoarvalet breitt.

Kva så med del to av omgrepet «underhaldningskonkurranse» – konkurranse? Korleis kan ein

konkurrera i noko så ullent som «underhaldningsmusikk»? Som sagt; dette kan vera så mangt.

Når Siddis Brass har vore ein viktig musikalsk møteplass gjennom so mange år, må det vera

fordi arrangøren treffer noko hjå deltakarane: ein konkurranse i uformell og vennleg atmosfære,

samstundes som korpsa tek den musikalske kvaliteten på fullt alvor. Nettopp fordi det ikkje finst

nokon definisjon på kva som er rett og gale, gjer dette Siddis Brass til ein svært interessant arena

der korpsa vender tilbake - år etter år. Dette gjer også terskelen for å presentera nytt repertoar

mykje lågare. Faktisk kan det vera musikk som enno er «uhøyrt» som finn vegen til dei beste

plasseringane og framtidas kjernerepertoar hjå korpsa.

Sist, men ikkje minst: Siddis Brass er eit viktig «slektstemne» for brassentusiastar. Konkurrentar,

ja vel – men først og framst vener og familiemedlemmar av den store brassfamilien - som tek

vare på kvarandre og støttar opp under den overordna saka: å utvikla brassrepertoaret og brassband

som fenomen.

Miljøet kring Siddis Brass og dei gode fasilitetane i Stavanger er dei gode grunnane til at NMF

har vedteke å melda interesse for å arrangera Europameisterskapen for brassband i Stavanger i

2023. Vi gler oss til å arbeida vidare med et slikt prosjekt.

NMF gratulerer med nytt strålande Siddis Brass, og vi seier på ny til musikantar, dirigentar,

domarar, arrangør, frivillige heltar og publikum; Ha ei strålande helg, og Lukke til!!

Beste helsing

Norges Musikkorps Forbund

Karl Ole Midtbø

Generalsekretær

Harald Eikaas

Musikksjef

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!